– Eg har alltid spelt piano, og gjekk musikklinja i Volda, og eit år på jazzlinje på folkehøgskule, men så ombestemte eg meg og satsa på ei utdanning innan landbruk, fortel John Inge.

I fjor sommar flytta han heim til Leira, etter studiar ved universitetet i Ås. Planen er å drive med geiter, slik familien har gjort tidlegare, men musikken har førebels slukt mykje av tida hans. No er planane om å få geiter på garden utsett med eitt år. Andre ting har kome i vegen. No held han mellom anna på å innreie loftet på låven til konsertlokale.

–Det har balla litt på seg, seier han sindig.

Bente Mangerud er på besøk denne laurdagen for å øve. Dei skal halde konsert dagen etter i Ulsteinvik.

– Eg har alltid drøymt om å utfordre meg sjølv med å halde solokonsert på trombone, og slik kom eg i kontakt med John Inge, som ville akkompagnere meg.

Slik starta også planen om å skaffe John Inge eit skikkeleg instrument å spele på, eit flygel. Bente Mangerud starta kronerulling.

– Eg kjende litt på at det var litt flaut at folk skulle gi meg pengar for at eg skule få ha eit flygel ståande i stova heime, men no når vi lagar til dette lokalet på låven, då kjenner eg at det er rett. Då vert flygelet tilgjengeleg for fleire, både på konsertar, og for dei som har ein draum om å spele flygel sjølv, seier John Inge.

Og det er ikkje kva som helst slags flygel dei sparar til.

– I utgangspunktet tenkte vi eit til mellom 200.000 og 300.000 kroner, men så var vi og testa ut nokre. Han i butikken rådde oss til å la vere å prøve eit av dei dyrare flygela dei hadde, for då visste han kva som kom til å skje. Men akkurat i det vi gjekk tenkte John Inge at han ikkje kunna la sjansen gå frå seg, så han sette seg ved eit Steingraeber-flygel, og då skjedde det noko magisk. Det er vanskeleg å skildre. Det var som om han fekk støyt, fortel Bente.

Dermed kunne dei ikkje gå for noko anna enn dette flygelet, til den nette sum av 796.000 kroner.

Førebels har dei fått inn 114.000 kroner.

– Eg meiner dette prosjektet er realistisk, viss ikkje hadde eg gitt opp for lenge sidan, seier Bente.

Dei har allereie givarar frå Hamburg, Oslo og Stockholm, i tillegg til fleire lokalt. Dei håper at enno fleire vil få auga opp for prosjektet.

– Dette vert det første flygelet på Leira nokon gong, og det vert tilgjengeleg for alle. Vi har også allereie eit ganske stort namn på blokka som har sagt at han vil kome og spele når flygelet er på plass. Det er nemleg ikkje mange slike flygel i Noreg i dag. Dette gir synergieffektar. Har du noko som inspirerer til å spele, då kjem det meir musikk ut av det, seier Bente.

Ho viser mellom anna til dei 24.000 innbyggjarane i Lofoten som starta kronerulling og skaffa heile åtte flygel som dei plasserte ut på ulike kulturinstitusjonar der.

– Dette skal vi få til her også, seier Bente klart.

Dei som vil vite meir vert oppmoda om å ta kontakt, eller søke opp Frendefinansiert flygel på Facebook.