Nittenåringen var ein av dei 15.000 deltakarane frå totalt 14 ulike nasjonar som deltok på Cold Response, som er Forsvaret si største øving i år. Under øvinga var Nes ein del av luftvernstyrkane som sørgde for å beskytte luftrommet frå bakkenivå.

– Luftvern vernar lufta, enkelt sagt. Hovudoppgåva til luftvern er å skyte ned fiendtlege fly i lufta, og dette vert gjort gjennom eit stort system. Luftvern er den einaste styrken i Noreg som driv med dette, og vi støttar opp andre avdelingar, som brigaden i Hæren, seier Nes.

Motivasjon

Nes hadde varierte oppgåver på kommandoplassen, som var hovudbasen til Luftvernbataljonen under øvinga. Mellom anna heldt han vakt i ei bod. Boda leia til kontrollsenteret med skjermane som viser hemmeleg informasjon om luftrommet. Det er viktig at berre dei med gyldig tilgang kan kome inn, og det er forbod mot mobiltelefonar.

– Eg gjer også andre ting, som til dømes å sette opp utstyret som vi nyttar oss av – alt frå gjerde til kamuflasjenett. Eg passar på at folka våre kjem trygt inn der luftvern overvakar luftaktiviteten, og går streifvakter for å passe på at alt er som det skal.

Heilt sidan Nes kom inn i førstegongstenesta på Ørland i fjor sommar, har han visst at han skulle delta på øvinga.

– Denne øvinga har heile tida vore ein motivasjon for meg til å lære nye ting. Vi har vore på mindre dagøvingar før vi reiste til Trøndelag for å førebu oss. Alle har gledd seg til øvinga, og håpte på at det skulle skje noko «action». Det er jo difor vi er i Forsvaret, seier han.

Brei utvikling

Cold Response gir det norske forsvaret moglegheit til å trene saman med allierte, samstundes som dei får kunnskap om å operere under krevjande vinterforhold. Amerikanske styrkar samarbeider tett med luftvern under øvinga. Soldatane får dermed lære både nye måtar å jobbe på og oppleve ulike perspektiv ved å jobbe med kvarandre.

– Eg utviklar meg heile tida som soldat, og lærer kva som er til det beste for meg sjølv og alle andre. Det er veldig godt miljø på luftvern, og eg føler at eg vert verdsett som soldat.

Elektrofag i Ørsta

Før Nes kom inn i Luftvernbataljonen og førstegongstenesta, gjekk han to år på elektrofaglina i Ørsta, etterfølgt av eitt år på byggfaglina i Volda.

– Eg er glad i det tekniske. Det passar bra, sidan vi har mykje høgteknologisk utstyr i luftvern. Når Nes ikkje er uniformert på Ørland, bruker han å henge med venene sine. – Kva er det første du gjer når du kjem heim til Ørsta etter øvinga?– Då et eg god mat!

Stolt soldat

Frå Luftvernbataljonen deltok alle vernepliktige på øvinga. Dei vernepliktige rullerer på å vere på øvinga – den andre halvparten er på Ørland.

– Eg vert jo litt stolt, for det er ikkje alle som får lov til å ta del i ei så stor øving som Cold Response, seier Nes og smiler. Til trass for at nittenåringen trivst i Luftvernbataljonen, er hovudplanen hans å verte politi.

– Vi får sjå kva som skjer når eg «dimmar» i juli.– Kva er ditt beste overlevingstips på øving?– Å kraftsamle mot fienden!

Av Jenny GudmundsenLuftforsvarsstaben

<strong>Øving:</strong> I luftvernet vernar Andreas Nes luftrommet frå bakkenivå. Foto: Sigve Lundsaunet/Forsvaret