– Vi er fem jenter i alder 17–21 år. To av oss er elevar. Dei tre andre er komne lenger, og er lærlingar i faget. Det er nok dei tøffaste konkurrentane, meiner Marita, som opphavleg er frå Syvde, men no busett på hybel i Volda.

– Vert eg blant dei tre beste er eg fornøgd, sjølv om det sjølvsagt hadde vore stor stas å kome vidare til NM i Bergen seinare i vår. For ikkje å snakke om VM i Dubai!

– Vi har hatt ein månad på å førebu oss ut ifrå eit gitt case. Kunnskap og fagkompetanse er viktig. Eg har lest meg opp, pløgd igjennom all teori og jobba hardt med praktiske oppgåver vi har fått med god hjelp av kontaktlæraren min Marianne Aurstad. Ho har vore ein viktig inspirator, trenar og coach. Ho vert støttespelar under tevlinga, fortel Marita.

– Under sjølve konkurransen vert det likevel gjort nokre endringar, slik at vi tek noko på sparket. Heile oppgåva skal gjennomførast på tjue minutt. Då skal eg på eit profesjonelt vis ha utført morgonstell på ein pasient, ei kvinne på 59 år som nyleg har hatt hjerneslag. Det skal òg målast blodtrykk, og ho skal få frukost. Ideelt sett skulle eg ynskje eg kunne bruke langt meir tid, slik at det vart best mogleg kvalitet overfor pasienten, seier Marita.

– Kva er det viktigaste å fokusere på under konkurransen?

– Heilt klart kommunikasjon med pasienten! Ein må informere godt undervegs, grunngi kva du gjer og kvifor. Marita Wedlog vedgår at ho syntest det noko småskummelt, men aller mest spennande å delta i fylkesmeisterskapet.

– Eg likar å pushe grenser, utfordre meg sjølv og krysse mine eigne komfortsoner. Då kjenner eg på overskot, meistring og at dette kan eg greie, fortel Marita engasjert. Etter fullført VG2, skal Marita to år i lære før fagbrev. Ho har søkt om lærlingplass både i Ørsta og Volda kommune. Etter at ho er ferdig utdanna, ynskjer Marita aller helst å jobbe med eldre.

– Kvifor?

– For å vere med å gi menneske ein god og verdig slutt på livet, uansett bakgrunn, levetid og diagnose. Eg har eit sterkt ynskje om å vere med å gjere ein skilnad!, seier den framtidige helsefagarbeidaren oppglødd.

Beate Mork

<strong>God teorikunnskap :</strong> Kunnskap og fagkompetanse er viktig! Før deltaking i fylkesmeisterskapet for fagarbeidarar, har difor Marita Wedlog (17) pløygd igjennom all teori opptil fleire gongar.