Klosteret på Iona slik det står i dag er restaurert 1100-tal, men bygt på restane av det eldste klosteret, som vart plyndra og nedbrent av vikingar. No står berre to høgkrossar att, men på eit tidspunkt skulle der ha vore heile 360. Den typisk keltiske krossen med sirkelen vart truleg til her. Foto: Lars Ørstavik.

Klosteret på Iona slik det står i dag er restaurert 1100-tal, men bygt på restane av det eldste klosteret, som vart plyndra og nedbrent av vikingar. No står berre to høgkrossar att, men på eit tidspunkt skulle der ha vore heile 360. Den typisk keltiske krossen med sirkelen vart truleg til her. Foto: Lars Ørstavik.

Spenne frå Osborg, 57 mm langt og med to ansikt av St. Brigid, den kristna keltiske Morgudinna, som ofte vart avbilda med to eller tre hovud for som å understreke hennar trippelfunksjon i gudeverda. Dei gamle keltarane såg elles, og heilt rett, hovudet som kjelde til åndskraft. Foto: Svein Skare, Bergen Museum.

Spenne frå Osborg, 57 mm langt og med to ansikt av St. Brigid, den kristna keltiske Morgudinna, som ofte vart avbilda med to eller tre hovud for som å understreke hennar trippelfunksjon i gudeverda. Dei gamle keltarane såg elles, og heilt rett, hovudet som kjelde til åndskraft. Foto: Svein Skare, Bergen Museum.

Kva som er att av St Colmans kloster på Inishbofin som vikingar brende i 807. Som så mange andre stader, vart klosterområdet etter kvart kyrkjegard. Foto: Andrew V Kearns

Kva som er att av St Colmans kloster på Inishbofin som vikingar brende i 807. Som så mange andre stader, vart klosterområdet etter kvart kyrkjegard. Foto: Andrew V Kearns

Teampall Molaise eller klosterkyrkja på Inishmurray sett frå nord og mot Irland. Legg merke til den kraftige muren framfor kyrkja, og som gjekk rundt heile klosterområdet, slik det var vanleg på dei keltiske klostera. Foto: Andreas F Borchert.

Teampall Molaise eller klosterkyrkja på Inishmurray sett frå nord og mot Irland. Legg merke til den kraftige muren framfor kyrkja, og som gjekk rundt heile klosterområdet, slik det var vanleg på dei keltiske klostera. Foto: Andreas F Borchert.

1 / 4

Gravfunn på Osborg frå irsk kloster?

«Då sivilisasjonen hang i ein tråd». Slik er kunstkjennaren, lord Clark, sin karakteristikk av dei britiske øyane under vikingraida, som i starten hovudsakleg var retta mot dei kulturberande, rike klostera på øyane og langs kysten. Fortroppen frå nord har truleg  kome frå Bjørke i Hjørundfjord i eit velretta anslag mot klosteret på Lindisfarne i 793. Det åleine hadde likevel ikkje blitt til noko vikingtid utan mange oppfølgjarar. Ein av desse må ha kome frå Osborg her i Ørsta

I bakken ned mot sjøen fann gardsfolket, i eit lite sandtak på bnr 1, ei kvinnegrav, som inneheldt eit avlangt, irsk beslag, bitar av eit tunnskala, ovalt spenne (R643), 47 glasperler, restar i jarn av hengsler, lås, beslag og naglar til eit treskrin til like med saks, sigd og syl og eit skiferbryne. Alt var samla under ei helle, som var 2,15 meter lang og 1,20 meter brei.

Noko tok finnarane sjølve vare på, og noko fann bergensarkeologen Håkon Shetelig då han ettergrov funnet i 1919.

Restane av eit tynnskala draktspenne tilseier at kvinna neppe vart jordfest etter 800 e.Kr., men det gjer nødvendigvis heller ikkje funnet til eit «Gravfund fra Vendeltiden [merovingartid] », som det vert kalla i tilvekstlista frå 1919. For mest truleg er grava frå starten av perioden etter, som er vikingtida (793-1066). Det irske beslaget sender oss derfor ut på eit tidleg vikingraid.

Handel eller plyndring?

Handel kontra raid har vorte ein debatt i det norske fagmiljøet. Opphaveleg hadde ein meint at alt beslagmaterialet, ja, langt det meste av det insulære materialet (materialet frå dei britiske øyane), var tjuvgods. I 1976 snudde arkeologen Charlotte Blindheim flisa då ho hevda at alt det insulære materialet like gjerne var uttrykk for handel. Kyrkje og klostergjenstandar også.

Utgangspunktet hennar var funna frå bygravingane i Kaupang i Vestfold, som ho leia. Det teoretiske grunnlaget kom frå Grierson og Lucas.

Mellom anna vart Blindheim imøtegått med at beslaga hadde vorte røva først og selde sidan. Røvar-handelsmannen var nemleg ein gammal kjenning frå sagalitteraturen. Dette viser kor kompleks denne diskusjonen er.

No er det likevel slik at alt det meste av beslagmaterialet har skadar. Dette tyder på at det heller brutalt har vorte fjerna frå det opphavelege underlaget, for seinare å bli attbruka i samanhengar det ikkje var meint for. Tingen sjølv beviser såleis at handel ikkje har vore utgangspunktet, men tjuveri, som det skriftlege, historiske materialet frå dei britiske øyane renn over av. Altså vitnemål om vikingferd.

Keltisk

Osborgbeslaget er støypt i bronse og deretter gullforgylt. Lengda er 57 mm og det er ganske smalt. Til kvar ende er der eit hovud, midt på ein «dobbelt ring i høyt relieff», og ut mot kvart av hovuda eit flettbandmønster.

Det keltisk/irske kunstnarlege uttrykket, som møter dei første vikingane, var ei heller storkna sak der elementa hadde funne si form dei siste 500 åra f.Kr. Hovuda har stor, open munn, som kjenneteiknar MOR-gudinna. Ho rådde for fødsel, liv og død og var knytt opp til vatnet hos dei gamle keltarane.

Gudinna hadde i Irland vorte kristna som St Brigid, og var skytshelgen for grua, familien, vasskjelder og  lækjedom. Klosteret hennar var i Kildare, og her brann den evige elden som hennar symbol.

Det vert jamvel hevda at det opphavlege klosteret godt kunne ha vore det gamle heidenske tempelet, og mykje gammalt har tydelegvis vorte kristna i Irland. Så også «dobbelt ring i høyt relieff», og av form som ein keltisk gravplass slik dei t.d. fann han i Sepstrup, Århus amt i Danmark. Tolka som symbol på døden, gjev den oss ein guddommeleg funksjon, men om det er slik at den ytste ringen symboliserer det kvinnelege kjønnsorganet, er også livet til stades. Slik også familien, og ringen er bokstavleg slutta rundt MOR-gudinna eller også St Brigid i hennar kristna form.

Brukt som smykke

Vårt beslag har opphavleg hatt «to fremskytende flike for at fæste beslaget på underlaget», ifølgje funnrapporten. Naglefesta tilseier det kan ha høyrt heime på treskrinet, som vart funne i grava, men då burde dei gjerne ha funne  meir enn eitt? Storleiken tilseier at det opphaveleg kan ha vore eit beslag på ei lêrreim. Kan hende på ei hestegrime?

Attbruket har truleg vore som draktsmykke i tillegg til den ovale spenna og glasperlene. I Noreg har tydelegvis slik attbruk vore den vanlege, særleg i første del av vikingtida, og alt det meste av beslagmaterialet  i Noreg kjem derfor frå kvinnegraver. Så også på Sunnmøre. Med unntak av beltebeslaga frå Kalvatn er attbruket heilt utan samanheng med kva det opphavleg har vore tenkt til.

Metallverdien var heller liten ettersom beslaga oftast berre var av gylt bronse, men den kunstnariske kvaliteten derimot var gjerne høg. Det framande opphavet, og dramaet bak, har truleg også høgna statusen, så kvinna bar det nok ikkje berre til pynt, men like mykje som eit vitnemål om mannsmot.

Og var slikt mannsmot handelsvare? Kvinna på Osborg var derfor helst ein nær relasjon, som mor, kone, festarmøy, søster eller dotter til vikingen. Slik vart æra verande på garden og i ætta.

Vikingreiret Hjørundfjord

Ti insulære funn kjenner me frå Sunnmøre, og alle er beslag. Fire av desse er frå sjølve Hjørundfjord, men legg me til «nabogardane» Festøy, Vatne og Kalvatn står «Hjørundfjordområdet» fram som sjølve vikingreiret på Sunnmøre med sju av ti funn.

Endå meir spesielt blir det om ein berre tek utganspunkt i det angelsaksiske materialet, for då blir det eitt av fire hovudområde i landet. Mengda av angrepsvåpen, som sverd og spyd, er også langt større i Hjørundfjord enn t.d. i Ørsta eller på Vartdal.

Hjørundfjord verkar såleis å ha vore eit meir uroleg område enn nærmaste naboskapet i vikingtida og perioden før. Dei tre andre beslaga kjem frå Osborg, Eide i Eidsdal, og frå Roald på Vigra. Ytre Sunnmøre med skipsleia og gamle handelskontaktar er såleis sterkt underrepresentert i funnmaterialet, og det styrkjer tanken om at dette materialet ikkje har vore handelsvare.

Beslagmaterialet frå Sunnmøre er i hovudsak irsk, og funne i graver frå etter 850 e.Kr. Der er likevel to viktige unntak, eit angelsaksisk beslag frå Bjørke og eit irsk frå Osborg. Båe funna er truleg frå tida før 800, om ein berre daterer etter dei tynnskala ovale draktspennene (R640/R643) ein har frå båe kvinnegravene. På Bjørke derimot er også sjølve beslaget stil- datert til perioden 750-800 e.Kr. og gjer at det derfor kan vere kome til landet i god tid før 800.

Klosterraid

I 793 e.Kr. raidar eit skipsmannskap frå Bjørke klosteret på Lindisfarne, rett sør om grensa til Skottland på Englands austkyst. I 794 vert klosteret i Jarrow litt lenger sør søkt plyndra av vikingar, men desse blir anten drepne eller tekne til fange. Nokre greier å rømme, men ein storm knuser båtane deira, og alle omkjem.

Så blir kursen lagd om, nord om Skottland med åtak på Hebridane og Irland, og det er i denne andre puljen dei eldste funna frå Trøndelag og Osborg helst høyrer heime. For i desse traktene ville irsk materiale ha vore eit naturleg bytte, og fram til 835 e.Kr. er desse områda senter for vikingaktiviteten på dei britiske øyane.

På den vesle øya Iona i dei Indre Hebridane låg morklosteret til Lindisfarne, grunnlagt av irske St. Columba i 563 e.Kr, som eit religiøst og kulturelt kraftsentrum, og det viktigaste klosteret i Nord-Europa. Her herja vikingane i 795, 802 og endeleg i 806 då klosteret vart brent.

Nedbrenninga sette eit førebels punktum for klosteraktivitetane her. Munkane rømde til Kells  i Irland der dei mellom vikingraida nesten makta å gjere ferdig eit meisterverk, det rikt illustrerte nytestamentet, som ettertida kallar Book of Kells.

Åtaket i 795

Medan raidet på Lindisfarne i 793 hadde vore eitt skipsmannskap, så kan åtaket på Iona i 795 ha vore utført av ei lita flåte skip av di i same rennet vart to kloster til herja, nemleg på Inis Muiredaig (Inishmurray) og Inis Bo Finne (Inishbofin) på vestkysten av Irland, ifølgje Annals of Inisfallen.

Båe klostera låg på øyar, og sistnemnde var grunnlagt frå Lindisfarne i 665 e.Kr. Men fyrst hadde vikingane herja nørste kyrkja i Irland på øya Rathlin i leida sørover frå Iona, ifølgje Annals of Ulster. Beslaget frå Osborg er mest truleg eit vitnemål frå vikingaktiviteten i 795, og der er vel heller ingen hinder for at dei samtidige trønderfunna kan stamme frå same operasjonane?

Av Lars I Ørstavik

Meir å lese på Møre-Nytt:

Møre-Nytt ynskjer ein open og sakleg debatt. Alle innlegg vert kontrollerte etter publisering. Innlegg kan verte forkorta, redigerte eller fjerna. Det fulle namnet ditt må anten gå fram av e-postadressa, brukarnamnet eller Facebook-profilen din.

Dette vert lest no:

- Dei fleste ser heilt friske ut, og det er vanskeleg for andre å sjå og forstå at dei er sjuke

Oddhill var ei energibombe. Så sa det stopp

Det var ingenting som kunne stoppe Oddhill Sætre (51). Ho var ei energibombe. Alltid på farta. Så sa det stopp. Bom stopp.

Dalegubben opp

Under timen på Dalegubben

Andreas Skylstad frå Øye var førstemann på Dalegubben opp søndag.

Søkjer byggjeløyve for tømmerkaia

Tømmerdal Consult har no søkt byggjeløyve for den nye tømmerkaia ved Ørstaterminalen.

Tilseth Blomster er 15 år

- Målet er å ha landets beste blomsterbutikk

Tilseth Blomster på Amfi i Ørsta feirar i desse dagar 15 år.

Sommaren er ikkje over

Ørsta får tjue varmegrader i morgon

Det vert dagar med kjempevêr i Ørsta neste veke

Tok til tårene i kjensleladd innlegg

Marit Aklestad (SV) heldt eit kjensleladd innlegg då ho fekk kommunestyret med seg på å halde barnetrygda utanfor når sosialhjelp skal bereknast i Ørsta kommune.

– Inge Kolås var ugild i saka om bustadfelt på Legene

– Leiar i samfunnsutvalet og kommunestyremedlem Inge Kolås har vore ugild med å førebu og å treffe avgjerder som gjeld bustadfeltet Legene på Åmås i tidsrommet mars 2013 til desember 2016.

Mattilsynet:

- Har vorte strengare mot dyreeigarane

Mattilsynet har i år politimeldt fleire dyreeigarar enn tidlegare. Talet på bekymringsmeldingar aukar også, viser ein rapport frå tilsynet.

Vidundermedisin mot hudsjukdom?

Frisk av silderogn

Håvard Vartdal vart frisk av silderogn-produkt frå Ørsta-bedrift

Sjå stort bildegalleri

1000 opplevde fartsshow på Mosflata

Med kring tusen tilskodarar var det reine folkevandringa til dragrace-showet på Mosflata laurdag.