Mange er opptekne av å gjere ein god grunnskule endå betre. Korleis? Jau, via dei nasjonale prøvene. Godt resultat bør vere lik god skule og gode lærarar, enkelt og greitt. I alle fall enkelt.
At dette vert ei avstumping og avsporing i høve ein gyldig føremålsparagraf som faktisk styrer innhaldet i skulen, ser ikkje ut til plage så mange i nemnande grad. Men alle burde vere sterkt plaga av akkurat dette misforholdet.
Eg skulle ha gjort det for lenge sidan, men det var først for eit par dagen sidan eg endeleg sette meg føre å teste meg sjølv på denne leseprøva tiltenkt 5.klassingane.
Eg er rysta! Ja, faktisk rysta. Og det var eg ikkje budd på. Eg var på førehand vel kjend med at lærarar har uttrykt skepsis til diverse krevjande oppgåver, ukjend prøveform osv, osv. Men det er alltid lurt å prøve å danne seg si eiga oppfatning uavhengig av andre. Derfor dette djupdykket. No innser eg at lærarane slett ikkje har teke for hardt i - heller tvert om.
Leseprøva
Leseprøva for 5.klassingane tok meg 40 minutt å gjennomføre. Eg kunne sikkert ha pressa tida ned nokre få minutt viss det var om å gjere. Før eg starta tenkte eg at eg nok kom til å bruke 15-20 minutt. Men eg brukte altså omlag halvparten av den tida som er avsett for elevane. Såleis ikkje så ulikt det som skjer viss eg t.d. set meg føre med eksamensoppgåver i 10. klasse i matematikk.
Men det som gjorde meg mest overraska var likevel ikkje tidbruken, men vanskegraden.
Vanskegraden er her ikkje knytt til sjølve lesinga. Stort sett greie ord og setningar heile vegen. Femteklassingar flest vil greie å ta seg gjennom dei 22 A4-sidene med tekst og oppgåver på 90 minutt. Vansken knyter seg derimot til spørsmåla som skal måle den avgjerande evna til å hente ut informasjon av teksten.
Galskap
Med fleire tiårs erfaring med grunnskuleelevar på ulike trinn og på ulike nivå, kom eg fram til ein ganske eintydig konklusjon. Nivået på desse oppgåvene passar langt betre til elevar i vidaregåande skule, enn til femteklassingar ( tiåringar). Dette har dels med modning, dels med abstraksjonsevne, og dels med tilbakelagt treningsmengd å gjere. Eg har sjølv truleg to hundre gonger, eller meir, erfaring og trening i denne dugleiken enn tiåringar. Likevel måtte eg heile tida bla attende, lese på nytt osv. Det er nemleg ikkje slik at av dei fire moglege svaralternativa, så er det tre som ganske fort kan forkastast som uaktuelle. Det er heller berre eitt alternativ som fort kan vrakast. Då står du at med tre andre som godt kan brukast. Du må verkeleg kunne analysere grundig for å finne det eine rette alternativet. Ikkje heilt ulikt teoriprøva til førarkort for vaksne, med andre ord.
Kort sagt, her er snakk om ein test som ligg på eit nivå som t.d. kommunestyret skulle ha fått brynt seg skikkeleg på.
Kva vert resultatet av denne galskapen?
Tippemodus
Resultatet med å utsetje borna for ein slik test, vert veldig fort at dei vert tvinga over i tippemodus. Spørsmålet er kanskje om dei i det heile bryr seg med å lese dei siste tekstane? Dei vil fort gjere ei viktig oppdaging: Å produsere eit svar er nemleg uansett berre å setje ring rundt eitt av svaralternativa. Og nokon vil heilt sikkert også få rett svar ved slik tipping. Men det vert då eit ope og plagsamt spørsmål om ein måler flaks i tipping, framfor dugleik i lesing?
Den uunngåelege konklusjonen vert då:
Nasjonale prøver er noko heilt anna enn dei gjev seg ut for å vere. P.g.a. manglande samsvar mellom prøveform og modningsnivå, gjev dei ingen brukande måling av faktisk og forventa lesedugleik for tiåringar. ( Og sjølvsagt seier dei då lite og inkje om andre forhold også)
Skivebom
Vennlegast slutt derfor einsidig å snakke om lærarar som bør bli betre via kursing og etterutdanning. Dette er ein skivebom.
Det er verken lærarane eller elevane det er noko i vegen med når dei ikkje alle vert best i kommunen, eller fylket eller landet.
Det er likevel ingen dum idé å utsetje lærarkorpset for både etter- og vidareutdanning. Men ein bør ikkje tru at det er dette åleine som skal til for å lukkast med ei kvalitetsheving i skulen.
Så enkelt er det ikkje. For meg vert det tydelegare og tydelegare at dei største forbetringane vil ein få ved å flytte fokuset vekk frå aktørane i skulen, og over til premissleverandørane inn mot skulen. Det er her den store svikten er. Det er også her behovet for kunnskap og etterutdanning er størst.
Ueigna
For all del. Sjølvsagt er det slik at mange ting kan, og skal bli betre i norsk grunnskule. Dette skal vi, skulen sine folk, framleis ta på stort alvor. Vi skal heile vegen utvikle oss sjølve, og prøve å gjer ting betre. Sjølvsagt skal vi det. Men nasjonale prøver i noverande form er dessverre heilt ueigna både som måleinstrument og verktøy i dette arbeidet.
Keisaren hadde ingen klede på ved dette høvet heller.
Mvh, Harald Bj. Thunem, rektor Velle skule
