Båtjakta vart sett i verk etter at det tysdag hadde vorte meldt om ein stolen båt i Herøy. Torsdag kveld såg Henning at denne båten kom inn i småbåthamna i Ørsta, og at det vart sett på land to personar.

– Då tipsa eg politiet, og dei kom til Ørsta-hamna. Det vart arbeidd med å rekvirere båt, og vi fekk låne båten til Anders Ørstavik. Vi prøvde å snike oss inn på sida av han. Då oppdaga hans oss, og båtjakta var i gang, fortel Humberset.

Lensmann Odd Kulø i Ulstein og Herøy, som også er fungerande lensmann i Ørsta og Volda i ferien, fortel at det kom inn fleire tips, mellom anna frå politifolk i sivil som kjende att båten. Det vart bestemt å følgje etter den stolne båten med den sivile båten.

Bond og Don Johnson

Det vart ei båtjakt mest som i ein James Bond-film.

– Eller som i ein Miami Vice-episode. Han prøvde å renne oss i senk fleire gonger. Vi køyrde side om side, og han dulta inn i oss gong etter gong. heldigvis vart det ikkje skade på båten vi lånte, fortel Humberset. Han understrekar at det var politi som køyrde båten.

Jakta byrja i 19.30-tida, og heldt på til fram mot kl. 22. Då hadde turen gått via Voldsfjorden og vestover mot Leikong, fram og tilbake i dette fjordområdet, før turen gjekk nordaustover mot Vartdalsfjorden.

– Politibåten kom til i Eiksundet, og då vart det køyrt mot Hjørungavåg med politibåten på den eine sida og vi på den andre sida. Då vi kom til Hjørungavåg og Overåsanden, køyrde båtføraren i den stolne båten rett på land. Der vart han overmanna, fortel Humberset.

– Ein kan vel seie at det var action. Det var ein heilt annleis torsdagskveld, seier Henning Humberset.