– Vi bur i ei rånebygd og har vore vande med det i alle år, men no har det utvikla seg til å verte døgnet rundt gjennom heile veka, seier Andrè Davik-Kvam.

Saman med kona Liv Margrete har dei leigd hus i Kyrkjegata i Ørsta sentrum i nokre år. Liv Margrete har hjarteproblem, og ventar på operasjon i Trondheim. Ho er avhengig av søvn og skal unngå stress. Sidan slutten av mai har ekteparet fått øydelagt nattesøvnen av mopedbråk.

– Natt til søndag var det stilt i sentrum rundt midnatt, men rundt klokka 04.30 byrja det på att. Det var same historia natt til måndag. Dei gir full gass frå rundkøyringa og opp mot svingen til Svendsengarden. Der slakkar dei ned, og så er det full gass igjen. Dette går føre seg i eit par timar om natta. Vi har kanskje det huset som ligg mest uheldig til med tanke på støy, men i år har det vorte uhaldbart.

Før ekteparet flytta inn i tømmerhuset var fleire skeptiske til kor mykje bråk det ville vere frå E39. Ifølgje Andrè er dei ikkje plaga av lyden av tungtransport eller bilar som spelar høg musikk. Det er mopedar som er trimma, eller som køyrer med fri eksos som øydelegg nattesøvnen.

– Vi klarer ikkje meir. Det verkar som dei forsvinn når politiet dukkar opp, og så kjem dei tilbake seinare. Vi har bestemt oss for at vi må vekk herifrå så snart det er praktisk mogleg.

Ifølgje ekteparet har det vorte meir støy frå mopedar i år enn tidlegare år. Dei har heller ikkje von om at det skal verte mindre støy no når det nærmar seg hausten.

– Erfaringane frå i fjor tilseier ikkje det, og det var mopedbråk nattetid til og med etter det første snøfallet. Det har nesten vorte ei geskjeft som held på to tredelar av året. Dette året har det vore grufullt. Vi har irritert oss litt tidlegare, men no går det på helsa laus.

Liv Margrete har fleire gonger fått høyre frå heimehjelpa at ho ser sliten ut.

– Då svarar eg at det ikkje er rart sidan eg ikkje får sove. Det har vore tre månader med ein eller to timar med søvn. Eg står i kø for hjarteoperasjon i Trondheim, men eg er redd for at eg slepp til for seint.