- Denne skal vi ha til middag i morgon, fortel ein stolt Kristoffer, og gjev samstundes instruksar.

- Pappa, hent vekta. Det vart gjort, og fisken vog om lag ein kilo.

Kristoffer var ein av vel tjue barn og unge som deltok i Ørsta Jeger og Fiskarforeining sin fiskedag i Ørstaelva fredag. Dette har vorte eit årvisst tiltak under Naturfestivalen, og er ein fin rekrutteringsarena for nye laksefiskarar.

- Alt i alt er her vel femti personar med born, ungdom, foreldre og besteforeldre. Det verkar som alle har det fint, fortel Per Bjerke i Ørsta Jeger og fisk.

Fiskehistorier

I vel to timar vart det fiska i elva, og etterpå var det samling ved laksehuset nede i osen for grilling og ein god prat.

Nokre fiskehistorier vart det. Kristoffer hadde ei av dei, og også Peder Sundalskleiv (5) han var i elva for fyrste gong, og fekk ei fin krede.

Ørstaelva har stengt for sesongen, men opnar tradisjonen tru for nokre timar for å få gjennomført fiskedagen for dei unge.