- Seks dagar, seks etappar, 6500 høgdemeter. Til vanns og over land, ut i naturen og inn i kulturen. Tek du utfordringa?, skriv Ålesund-Sunnmøre turistforening om rundturen.

Gardsbesøk, kulturarrangement, toppturar, fjordaktivitetar, mat og kultur vil stå på agendaen til rundturen gjennom dei mektige Sunnmørsalpane og den vakre fjorden.

Samarbeid

Turgåarane som skal vere med på 125-års jubileumsturen til Ålesund-Sunnmøre turistforeining 4–10 august, vert tilbydd turleiing alle seks etappane. Dei skal innom fleire av ÅST sine hytter i Hjørundfjorden.

I tillegg har ÅST samarbeid med fleire aktørar på Sæbø, der turgåarane kan velje mellom å tilbringe natta på Sagafjord Hotell, Hjørundfjord camping eller Rekkedal Gjestehus til gode tilbodsprisar.

Vidare har dei også gode avtaler med Hotell Nordangdal og Union Hotell Øye.

Oppmøte

Det vert start frå Melbøsætra i Barstadvik måndag. Der vil registrering, turorientering og risikovurdering verte opplyst om.

– 20 er påmelde til å gå heile turen, og tre-fire skal gå enkeltetappar. Vi har nok turleiarar til den doble mengd, så det er framleis tid til å melde seg på, berre ein tek kontakt med meg på førehand. Ein kan hoppe på turen fleire stadar, fortel Arild Eidset frå ÅST.

Alderen blant dei påmelde strekk seg langt. Frå 20 og heilt opp til 70 år.

– Er dei påmelde bekymra for at turen vert for tung?

– Faktisk ikkje! Det er fleire moglegheiter for å hoppe av eller snu på fleire av etappane om dei blir for krevjande. Vi gir også god informasjon om turane i forkant, fortel Eidset.

– Kom og bli med, oppmoda Arild Eidset.

- Fotavtrykket du er med å setje, vil bli ståande til evig tid. Det er noko å fortelje born, borneborn, og borneborns born det!, skriv Ålesund-Sunnmøre Turistforening om rundturen.