NæringsNM er basert på bedriftene sin vekst og lønsemd, nyetableringar og storleiken på næringslivet. Rangeringa gir uttrykk for kva stader næringslivet gjer det best. På landsbasis kjem Ørsta på ein 46. plass av alle dei 428 kommunane.

Volda kjem på ein 12. plass i fylket, og ein 90. plass på landsbasis.

I analysen kjem det fram at størsteparten av dei sysselsette i Ørsta jobbar innan kategorien tenester (23,2 prosent), deretter helse- og sosial (16,6 prosent), varehandel (15 prosent), industri og olje (13,5 prosent) og byggverksemd (11,4 prosent). Resten er fordelt på jord/skogbruk/fiske, overnatting/servering, undervisning og offentleg administrasjon.

KommuneNM 2014

NHO rangerer også kommunane i KommuneNM, basert på attraktivitet og lokal vekstkraft, basert på forhold ved arbeidsmarknad, demografi, kompetanse, lokal attraktivitet og kommunal økonomi.

Her kjem Ørsta på ein 14. plass i fylket, og ein 190. plass på landsbasis.

Volda kjem betre ut, med ein 7. plass i fylket og ein 90. plass på landsbasis.

På toppen av fylkeslista tronar Ålesund i næringskategorien, og Ulstein i KommuneNM.

– Byane og sterke næringsregionar opplever veksesmerter, mens andre delar av landet slit med stagnasjon og attraktivitetsutfordringar, kommenterer direktør for næringspolitikk i NHO, Petter H. Brubakk.

Han peiker på auka satsing på samferdsel og større og meir robuste kommunar som ein del av løysinga.