Det er no fjerde året på rad balansekunstnar Eskil Rønningsbakken held kurs i akrobatikk til born under Naturfestivalen. Tilsamen var det 12 born med på kurset tysdag og onsdag.

– Det er fint å kunne gje litt lærdom til den neste generasjonen. Livet handlar på mange måtar om balanse, så det vil ein alltids ha bruk for, seier Rønningsbakken.

Turnglade born

Borna var delt i to grupper. Ei gruppe i alderen 7–10 år, og ei anna gruppe i alderen 11–15 år.

– Det er litt færre påmelde i år, men det gjer at eg får enda betre tid til kvar enkelt, fortel Rønningsbakken.

Emilie Bjørneset (13) frå Ørsta har vore med på kurset alle fire åra.

– Eg er veldig glad i å turne på fritida når eg kjedar meg. Då kurset kom for fire år sidan, melde eg meg på med det same. No klarer eg å halde balansen betre, og øvingane ser finare ut, forklarar ho.

Det eksisterar ikkje turnklubbar i Ørsta eller Volda. Dette synest mange av dei flinke borna er dumt.

– Eg skulle ønske her var eit turnlag, då hadde eg meldt meg på med ein gong. Men eg er glad for at Eskil held kurs, det har eg vore med på i fire år. Eg kjem til å melde meg på igjen om han kjem tilbake. No har eg betre teknikk til å fullføre øvingane heilt ut, fortel ein svært turnglad gut, Martin Gjerseth (11) frå Volda.

Framsyningar

På torsdag hadde borna ei  framsyning på Ørsta Kulturhus, der dei viste litt av det dei hadde lært. Rønningsbakken heldt også foredrag om sin eigen reise gjennom livet: frå å vekse opp i ei lita bygd i Hedmark, til å ha sitt eige tv-show i Kina med over 100 millionar tv-sjåarar.

– Dette er eit live-sendt tv-program, der eg reiser til ulike stader for å balansere. Eg inviterer også med meg kjende folk frå Kina.

Etter foredraget på torsdag hadde han på kveldstid ei framsyning i hamneparken i Ørsta, der han balanserte i ei kran, med fjell som kulisser.

Under Naturfestivalen vil Rønningsbakken også hjelpe folk å klatre på Bladet i Molladalen på laurdag.