Eli Sporstøl er ei av mange som har ripsbærbusker stappfulle av bær denne sommaren. Ho har heile ti ripsbærbusker i hagen sin. Dei har stått der sidan før ho flytta til huset i Melsbygda for 50 år sidan.

– Eg såg tidleg i år at det ville verte mykje ripsbær i år. Det har vore så mykje bær at buska her hengt i bakken. Eg kan ikkje ha all bæra sjølv, så eg la ut annonse i Møre-Nytt på tysdag om at folk kan kome å plukke dei gratis. To har vore her, men eg skulle gjerne hatt fleire! Det er synd om alt skal bli fuglemat, fortel Sporstøl.

At det har vore mykje sol, påverka også smaken på bæra.

– Etter mi erfaring er ripsen søtare når det er mykje sol. Somrane det regna mykje var ripsen surare.

Sjølv har ho tenkt å plukke rips til å lage saft av, som ho blandar saman med solbær.

– Ripsen kan du bruke til så mangt. Saft, gele og til kaker. Du kan til dømes pynte ei pavlova kake med rips. Mange lagar sylte av bæra også. Ripsbærsylta kan vere veldig god saman med brun sos, i staden for tyttebærsyltetøy.