– Det er ganske mange som reagerer på bråket i Ørsta sentrum om sommarnettene. dette er bråk vi ikkje vil ha.

Det seier lensmann Guttorm Hagen.

Natt til onsdag vart fem nye førarar jaga vekk frå Ørsta sentrum med pålegg om å reparere motorsyklane sine for tekniske manglar før dei viser seg i sentrumsområdet på desse køyretya igjen.

Fleire med åtvaringar frå før

Dette kjem i tillegg til aksjonen natt til måndag, då rundt tjue sjåførar fekk pålegg om anten å utbetre tekniske feil eller om å roe seg ned grunna speling av høg musikk m.a. i sentrumsgatene.

– Vi snakkar her både om brot på vegtrafikklova om kva stand køyretya skal vere i, og vi snakkar om straffelova og det ho seier om orden, seier lensmann Guttorm Hagen.

Dei fem som fekk pålegg natt til onsdag er registrerte med namn og adresse, og vil få politisak oppretta viss dei køyrer på dei lette motorsyklane før feila vert utbetra.

– Det handlar om manglar, men det kan t.d. også handle om at enkelte let skiltplatene med kjennemerke på motorsyklane stå horisontalt, slik at dei vert vanskelegare å registrere, fortel Hagen.

Foreldre

Han utfordrar foreldre til å følgje med.

– Når dei skjønar at ikkje alt er i orden med køyretya til borna sine, må dei seie ifrå. Å kome seinare når førarretten er tapt, og bota ligg på bordet, er for seint, seier lensmannen.

Den siste veka har politiet i Ørsta og Volda altså aksjonert mot nattebråket, og Hagen fortel at responsen frå publikum har vore positiv.

– Vi opplever også at terskelen for å varsle er lågare. Blant dei som varslar oss, er det mange ungdom og unge vaksne. Det er heilt klart at fleirtalet blant desse gruppene ikkje ynskjer den uroa i sentrumsområdet som har vore, seier Hagen.

Han poengterer at alt politiet ber om er at lover og reglar vert følgde.

– Ordensforstyrringar høyrer ikkje heime i sentrumsområda. Vi må ikkje gløyme at det erm mange som bur i desse områda, og som vert plaga av bråket, seier Hagen.

Unge er velkomne

Samstundes understrekar lensmannen at ungdom sjølvsagt må få lov til å opphalde seg i sentrumsområde.

– Lensmannen ynskjer at alle som ynskjer det skal få vere i sentrumsområda. Men då må straffelov og vegtrafikklova følgjast, seier Hagen.

– Viss folk har eit veldig ynske om å spele musikk frå anlegga sine så høgt som mogleg, kan dei gjere det inne i ein av dei mange tunnelane i området, eller det kan køyre langs Vartdalsstranda på dei stadene der det ikkje bur folk, seier lensmannen.

I hovudsak er det unge folk frå bygdene og frå Volda som har fått pålegg om å roe seg ned.

– Det kan hende at det har med at sentrumsungdommen sjølve ser at det er grenser for bråk det går an å leve godt i, seier Hagen.

At det har vore bråk i Ørsta sentrum, er ikkje noko nytt. Esso-miljøet i si tid er legendarisk.

Sommarvarmen ei årsak

– Men der bråket for nokre tiår sidan var konsentrert til helgane, har vi dei seinare åra opplevd at det også er i vekedagane. I år er det nok heilt spesielt med den varmen vi har hatt, kombinert med ferietid, og der unge gjerne snur døgeret, seier Hagen. Han peikar dessutan på at lydanlegga har vorte kraftigare.

Lensmannen har tru på at fartsdempande tiltak i sentrumsgatene vil redusere på støyen og bråket, og har tidlegare bedt om tiltak i Ivar Aasen-gata.

– Eg meiner t.d. at dei fartsdempande tiltaka i Anders Hovden-gata har vore vellukka, seier lensmannen.