I slutten av juni varsla Havforskningsinstituttet til Mattilsynet om høgt smittepress på sjøaure langs store delar av kystavsnittet Rogaland – nord Trøndelag, og situasjonen vart vurdert som svært alvorleg over store geografiske område. I brevet viser Havforskningsinstituttet også til funn som har vorte gjort. Dei skriv at i Voldsfjordsystemet, som også inkluderer Ørstafjorden, var nesten all fisk infisert med over 100 lus. På enkelte fisk vart det og funne opp mot 500 lus.

– I desse områda har vi funne 50 til 100 lakselus på store deler av fisken vi har undersøkt, og både i Rogaland, Hordaland og Møre og Romsdal har vi funne fisk med mange hundre lus, seier Pål Arne Bjørn som er prosjektleiar for den nasjonale lakselusovervakinga.

I ein rapport for mai og starten av juni som Havforskningsinstituttet sendte til Mattilsynet kom det fram at truleg mykje av laksesmolten kom seg til havs før lusesituasjonen forverra seg, men forskarane frykta at sommaren vart tøff for sjøauren. Funna som Havforskningsinstituttet har gjort viser at lusene på dei infiserte fiskane er dominert av dei yngste stadiane; copepoditter som akkurat har festa seg på fisk og små fastsittande larvar.

– Ikkje overraska

Sunnmørsposten rapporterte denne veka at det søndag vart det gjort store funn av lakselus då det vart fanga fire stamfisk frå Ørstaelva. Desse funna overraskar ikkje Bjørn.

– Det forundrar meg ikkje at slik funn vert gjort. Tala på lus som vi fann i dette systemet var ekstremt høgt, seier Bjørn til Møre-Nytt.

Havforskningsinstituttet har ingen nye data etter slutten av juni. Dei vil halde fram med overvakinga av lakselus i august, men i Møre og Romsdal vil dei gjere undersøkingar i Romsdalsfjorden. I midten av september vil dei levere ein ny rapport til Mattilsynet.