Det er igjen duka for motbakkeløpet, Saudehornet Rett Opp, under Naturfestivalen, laurdag. Møre-Nytt har snakka med tre karar som tidlegare har vore med på løpet, og som har same motivasjon: lokale arrangement og konkurranse er artig!

Aktiv

Martin Hauge-Nilsen (28) har vore med på Saudehornet rett opp kvart år sidan 2008. Året han debutterte var han best i si klasse (20-22 år), med ei tid på 1:04:41. No konkurrerer han i klasse 23–34 år. I fjor kom Martin i mål med tida 1:11:16.

– Det er sjølvsagt ønskjeleg å nå igjen tida eg hadde i 2008, seier han med eit smil.

Hauge-Nilsen trenar ikkje spesifikt til motbakkeløp. Fortida satsar han meir på lengre løp, der han i år skal delta på mellom anna Hardangervidda Marathon og Nordmarka Ultra Challenge.

– Korleis trenar du deg opp til dette?

– Eg har fulltidsjobb, men eg prøvar å ha om lag fem treningsøkter i veka likevel. Det er kjekt å ha varierte treningar. Eg spring korte og lange distansar, i fjell og på flat bakke. På vinteren trenar eg dessutan meir styrketrening. Dette er for å byggje opp musklane som gir betre kroppshaldning og betrar løpestega, forklarar Hauge-Nilsen.

– Kvifor motbakkeløp?

– Det er kjekt å delta på lokale arrangement, og artig og konkurrere. Motbakkeløp er fascinerande å delta i, for det er svært hardt og brutalt. Eit tips til både meg og andre er å ikkje starte for hardt, då kan du gå på ein smell!

For fjerde gang

Bjørn Ole Vassbotn (47) skal delta på løpet for fjerde år på rad. I år er han i klasse 45–49 år. I fjor sprang han på tida 1:00:13, og vart best i si klasse.

– Eg er godt nøgd med tida eg hadde i fjor. Sjølv om det hadde vore kjekt å halde den tida, stressar det meg ikkje. For meg er det å stille opp på lokale arrangement det kjekkaste. Det er ei skrekkblanda fryd å vere med, for sjølv om det er spennande å delta, veit eg at det er eit krevjande løp for kroppen. Det går mykje på viljen.

Å delta på Birkebeinertrippelen er hovudfokuset til Vassbotn. Han legg all trening utandørs, og for han er det viktigast at ein kjem seg ut i naturen.

– Eg varierar treninga mi. Primært er eg skiløpar. Men eg spring året gjennom. På sommaren syklar og spring eg både korte og lengre distansar. Men det blir ein del fjellgåing i desse lyse årstider, som også verkar positivt inn på at eg skal delta på Saudehornet rett opp. Ein må trene etter det ein vil bli god til!

Slå seg sjølv

Sjur Haug (21) har vore på med på motbakkeløpet to gangar tidlegare. I 2012 vart han best i klasse 18-19, med tida 58:47. I år skal han konkurrere i klasse 20–22 år.

– Eg veit at denne klassa på landsbasis er svært tøff. Likevel så er det å slå meg sjølv, framfor plassering, det aller viktigaste.

– Korleis er forma?

– Forma er på plass, men eg har ikkje trent spesifikt til dette motbakkeløpet. Eg bestemte meg for å vere med for nokre dagar sidan. Resultatet på laurdag vil vere avhengig av dagsforma.

– Og motivasjonen til løpet?

– At folk ser at kjende namn frå lokalområdet er påmelde trur eg dei sett pris på. Eg er generelt svært glad i å gå i fjellet. Som fotballspelar har eg tru på at å gå i ulendt terreng har mykje å seie for å halde seg skadefri. Mest av alt deltek eg fordi det er eit lokalt arrangement. Eg hadde nok ikkje vore med visst det var langt vekke.