– 50 båtplassar har vi no. Det er ei dobling.

Leiar for småbåtlaget, Roar Sætre, skodar ut over småbåthamna på Vartdal. Nesten alle plassane er selde. Berre nokre få står att. For eitt år sidan stod han på same staden og fortalde til Møre-Nytt at det var 10–15 på venteliste for å få seg båtplass her. Enno fleire kom til då dei høyrde om utvidingsplanane.

– Flesteparten av dei som har båt her er frå området, men vi har også folk frå nabokommunane, fortel han.

Dugnad

Det er langt frå fullt av båtar i hamna denne dagen. Sola har lokka fleire utpå bølgjene. Det er kort veg innover i fjordane, og kort veg til Breisundet om det er ønske om fisk til middag.

Ei 70 meter lang betongbrygge har vorte lagt ut. Den gamle flytebrygga er flytta, men er framleis i bruk. Med tid og stunder, når økonomien tillet det, skal også denne verte bytta ut med ei av det litt meir stødige og moderne slaget. Det siste dei har fått på plass er straumsøyler som forsyner alle båtplassane med straum.

– Det har vorte lagt ned ein god dugnadsinnsats frå medlemene i småbåtlaget, rosar Sætre.

Plass til fleire

Det er Kystverket som eig moloen, og Ørsta kommune som eig landsida, men begge har gitt løyve til småbåthamna. Avtalen må verte fornya med jamne mellomrom. Fiskebåtar og næring har førsteprioritet, men det byr ikkje på problem for dei som har fritidsbåtar. Det er plass til alle.

– Vi har også mulegheit for å utvide ytterlegare lenger ute på moloen, dersom det vert behov for fleire båtplassar.

No ventar dei også på godkjenning på ein søknad om å få sett opp ein dieseltank. Dei reknar med å få dette på plass i løpet av hausten.

Båttreff

På land har dei rusta opp klubbhuset. Her skal det vere opphaldsrom, sanitæranlegg og tekjøkken. Her har dei ikkje kome heilt i mål enno.

– Vi prøver å nå så langt som råd slik at det er brukbart til Vartdalsstranddagane siste helga i august. Her er ein del gjesteplassar i hamna, og vi tenkte kanskje å få til eit båt-treff. Vi får sjå kor langt vi kjem, seier Sætre.

I fellesferien er det litt stillstand med arbeidet, men han reknar med at dei er godt i gong att om ei veke eller to.

Trivsel

Den nye brygga har også vorte flittig brukt som baderampe dei varme sommardagane. Nærleik til sjøen, båtlivet og fisket er viktig for trivselen for folket langs Vartdalsstranda, meiner Sætre. Sjølv har han hatt med seg både barn og barnebarn på fleire turar i sommarvarmen.

– Slike ting skaper bulyst.