– Det var nesten rekord, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid ved Meteorologisk institutt om torevêret søndag.

Heftig

Det som starta som ein varm og solrik dag, endra seg brått i løpet av ein kort ettermiddag. SINTEF Energi melder om 156.527 lynnedslag i Skandinavia i løpet av denne dagen.

– Det er litt over normalen, kan vi seie, og det tok heilt av i Ørsta og Volda, kommenterer Fagerlid.

Han seier at det var heftige tilstandar, og grunnen er den lange perioden med varmt vêr.

– Det er fleire grunnleggjande krav for at vi skal få tore og lyn. Møtet mellom kalde og varme luftmassar er eitt av dei. Vi kan nesten seie at dette markerer slutten på den lange varmeperioden, sjølv om det er noko utrygt for torevêr eit par dagar til.

Lokale forskjellar

Nøyaktige tal for Ørsta og Volda har ikkje statsmeteorologen, men han seier at det er snakk om fleire hundre lynnedslag.

– Det var heilt klart ei betydeleg mengde. Spesielt rundt klokka 18 var det veldig kraftig. Og det er store lokale forskjellar. Du skulle ikkje langt vekk frå Ørsta og Volda før du slapp unna torevêret. I Stryn var det heilt tørt, fortel han.

Fagerlid seier at dette også er grunnen til at dei aldri kan melde sikkert om lyn og tore.

– Derav omgrepet «utrygt for tore». Denne gongen var det berre i midtre det slo til. Indre gjekk klar. Det var som eit belte på 5–7 mil.

Straumstans

Lynnedslaga førte også til fleire feil i straumnettet. Dei tilsette i Mørenett hadde ein stor jobb med å rette opp tallause trafohavari. Austefjorden fall først ut, like over klokka 16 søndag. Deretter følgde Folkestad, Straumshamn, Bondalen, Urke, Norangsfjorden, Sæbø, Follestaddalen, Øye og fleire andre. Nokre fekk straumen raskt tilbake, andre stader tok det lenger tid å rette opp feilen. Dei siste fekk ikkje normal straumforsyning før langt på natt.

Også breibandet til Tussa-kundane vart slått ut grunna lynnedslag på Eitrefjell. Dette vart ordna i løpet av måndagen.