– Både den norske og resten av den nordiske kraftmarknaden ligg litt under det som er normalt for året. Men det er ikkje snakk om noka krise, seier produksjonsforvaltar Kjell Idar Saure i Tussa Kraft.

Åmela

Særleg i Storlidvatnet i Åmela i Dalsfjorden har Tussa merka at det har vore lite nedbør.

– Her er det litt spesielt, fordi her også var veldig lite snø i vinter, og såleis lite tilsig av vatn.

Då er situasjonen betre i Bjørke-området. For her er fjella høgare, noko som har gitt meir smeltevatn.

– Men også her ligg vi under det som er normalen med tanke på årstida. Det er veldig tørt og veldig lite snø att. Men det er ikkje dramatisk i høve til andre år. Vi har opplevd det før, seier Saure.

Stort forbruk

Og i varmen kan det vere lett å tru at straumforbruket skal gå ned. Slik er det ikkje.

– Det er mykje som treng kjøling. Det er frysediskar, kjøleskåp og aircondition og anna kjøling som vert flittig brukt i varmen. Så forbruket går ikkje ned når det er varmt, det går heller opp.

Dyrare straum

Dette speglar seg også att i kraftprisane. Lite vatn gir mindre straumproduksjon og dyrare straum.

– Vi ser at spotprisane har vore stigande den siste tida og har kome litt høgare enn dei var for berre tre-fire veker sidan. Dette er også med på å dra opp forventningane for kraftprisen utover hausten. Så langt har prisen gått opp med tre til fire øre dei siste vekene.

På nordvestlandet er det også ein spesiell situasjon no fordi Statnett er i ferd med å bygge ny straumforsyning og har starta arbeidet med å sanere dei gamle linjene. Også dette gjer straumtilførselen litt meir abakeleg enn det som er vanleg.

– Det avgrensar oss litt, men ting går greitt, og som sagt er det førebels inga krise slik eg ser det.