Politiet har gjeve i underkant av tjue bilførarar pålegg om å skjerpe framferda i trafikken og på offentlege stader i Ørsta. Viss ikkje, kan det verte politisaker.

– Vi har no namna på om lag tjue sjåførar, både bilførarar og førarar av mopedar og motorsyklar, der det er gjeve pålegg m.a. mot ting som går på ordensforstyrring, fortel lensmann i Ørsta og Volda, Guttorm Hagen.

Dei siste vekene har det vore mykje bråk på kveldstid i Ørsta sentrum, og det eskalerte i helga.

Ein meld

– Etter helga er ein person meldt til politiet. Dei andre som no har fått åtvaring, vil verte meldt om ordensforstyrringa gjentek seg, seier Hagen.

Han fortel at det brukt ekstra politiressursar på å kartleggje kven som har stått bak bråket.

– Vi har hatt same framgangsmåte med å kartleggje som då vi til slutt arresterte fire menn for ulovleg bruk av fyrverkeri. Vi prioriterer dette arbeidet no, seier Hagen.

Frå bygdene og Volda

Han fortel at dei politiet no har namnet på, og som har fått pålegg om å roe seg ned, er for det meste unge menn frå bygdene i Ørsta og frå Volda.

– Vi meiner også at det er viktig at foreldra følgjer opp. Fleire av dei vi har gjeve pålegg har køyrety, bilar eller motorsyklar, som står i foreldre sine namn, fortel Hagen.

Han ber dei som no er registrerte, og også andre, om å tenkje på ein seinare karriere i yrkeslivet.

– Då er det ofte krav til plettfri vandel, og då vil ikkje ei bot for ordensforstyrring telje godt med, seier Hagen.

Han presiserer at politiet ikkje har noko i mot at unge folk i bil skal få opphalde seg i sentrum.

– Men gjer slik dei aller fleste gjer, nemleg å rette seg etter lover og reglar, seier Hagen.