Midtsommar er også tid for besøk av grindkval. Då jagar dei etter bytte inn i fjordane.

Førre veke kom dei fyrste meldingane, og då vart kvalflokkar sett i Storfjorden.

Seint laurdag kveld kom ein flokk inn Hjørundfjorden. Folk vart fyrst merksame på dei på grunn av levenet. Det er ei plasking, pusting og ei pesing utan like når flokkane er på veg inn fjordane.

I Hjørundfjorden var dei inn mot Skår før dei snudde og tok vegen ut mot havet igjen.