I løpet av helga har politiet loggført 24 bilar som har forstyrra natteroa i Ørsta sentrum. Politiet vil følgje nøye med på bileigarane og førarane av desse bilane i tida framover. Ti bilar/førarar fekk i helga muntleg pålegg frå politiet. Ein av førarane som fekk muntleg pålegg vart meldt då pålegget ikkje vart følgt. Tre bilar vart vekkvist frå Ørsta sentrum på grunn av støy.