I ettermiddag slo det til med eit kraftig lyn og torever over store delar av Ørsta. To stader vart det meldt om lyngbrannar, ved Ytre-Standal og ved Øyahornet.

Uveret gav også store utfordringar for straumforsyninga. Mørenett melder om utfall fleire stader.

På Mørenett sin eigen logg var dette statusen kl. 21.40

16:18 - Feil og utkopling på grunn av lynnedslag i Austefjorden. Montørane er på veg.Området vest for Fyrde (Samhald) utover til og med Djuvik vil ligge ute ei stund i samband med feilretting.

17:15 - Området frå Skinvik og vestover fekk att straumen.

17:30 - Utkopling frå Bondalen mot Sæbø - Urke - Norangsdalen. Montørane er på veg, har ikkje oversikt over tid til feilretting enno.18:45 - Området er Straumshamn - Folkestad ligg ute, montørane er på veg. Har ikkje oversikt over tid for feilretting.

20:00 - STATUS- Bondalen - Sæbø - Norangsalen. Normal straumforsyning til Villebrua, utanom 2 trafoar som har havarert. Feilsøker frå Villebrua og austover.- Ein del kundar er straumlause i Follestaddalen (v/ Rebbestad). Montørar er på veg for feilsøking.- Folkestad fekk tilbake straumen kl. 19:44.

21:00 - STATUS- Villebrua - Sæbø - Øye - Norangsdalen: Arbeider med å sjekke linja, usikker på tidsperspektivet her.- Bondalen: 2 trafoar er gåan (Valset Nord og Aksla). Rettetid her vil nok vere nokre timar.- Follestadalen, Rebbestad: Isolatorfeil. Arbeider med saka.- Follestadalen,Myklebust: Trafohavari, venteleg utkopling nokre timar.

21:40 - STATUS- Bondalen - Villebrua - Sæbø - Øye - Norangsdalen: Straumen kom tilbake kl. 21:30. Men her er framleis 4 trafoar som må sjekkast, og muligens skiftast. Dette gjeld Valset Nord, Årset og Kvistad Øvre. Rettetid for desse områda vil nok vere fleire timar.- Follestadalen, Rebbestad: Isolatorfeil. Arbeider med saka.- Follestadalen,Myklebust: Trafohavari, venteleg utkopling nokre timar.