I eik veke skal folk lokkast ut i naturen, til fjellturar, skogsturar og  kulturelle arrangement. Laurdag vert den fyrste toppturen også arrangert med tur til Jakta i Hjørundfjorden.

Laurdag føremiddag starta det heile med sykkelritt for små born i Vikegata. Tjuefire born mellom to og seks år var med, og det var mykje løye å sjå i rittet. For i tillegg til stor idrettsglede, var syklistane oppmoda om å stille i kostyme, og pynte ein kul sykkel. Mange gav god respons på oppmodinga.

Under opninga vart det servert kaker, og Bacalaofabrikken på Festøya kom med varm bacalao, slik at folk kunne ta lunsjen i Vikegata.

Og ikkje nok med det: Norsk Muikkkorpsforbund stilte med deltakarane på sommarkurset på Møre folkehøgskule. Dei spelte ein vel førti minutt lang konsert til glede for alle dei som kom til Vikegata laurdag, og som medverka til at det vart ei god gammaldags gågatestemning.