Under Naturfestivalen vil Vestferd v/Therese Moe Øye, kunne tilby ulike turar både til fjells og til sjøs for heile familien.

– Eg ynskjer å kunne tilby opplevingar der menneske og natur står i fokus, og der prestasjonen og meistringskjensla er knytt meir til mennesket enn talet på høgdemeterane.

I tillegg til utandørs aktivitetar på land og på sjø, tilbyr Vestferd innandørs gruppetrening i ulike former, mellom anna Pilates. Dette gir Vestferd ei breidde som Therese synest er viktig for å kunne vise at tur og fysisk aktivitet er noko for alle, uansett føresetnader.

– Aller kjekkast er det å få kombinere fleire av elementa i eit opplegg.

Naturfestivalen

Under festivalen vil Vestferd kunne tilby kompassleik for born i Hovdeåsane, ein 6km lang overgangstur frå Rotevassetra til Vadstein i barnevennleg terreng, snorkling i Lygnstøylvatnet, og padling på Flø.

I tillegg er det høve for å ta Våttkort, som er eit kort fleire og fleire utleigestasjonar for padleutstyr krev at ein har. Dette kortet viser at ein har visse dugleikar til å bruke utstyret.

– Eg er svært glad for å vere med på å arrangere kjekke aktivitetar for både born og vaksne. Det vil verte visst gjennom dei ulike arrangementa til Vestferd under Naturfestivalen at Sunnmøre har meir å by på enn kvasse tindar! Arrangementa er å finne i programmet til Naturfestivalen, og på Facebook.

Generell informasjon om Vestferd vil etter kvart bli tilgjengeleg på vestferd.no.

Vestferd

– Namnet Vestferd er nokså sjølvforklarande. Vi bur i vest, og dei produkt Vestferd tilbyr handlar om å ferdast. Til fjells og til sjøs, i kropp og i sinn, fortel Moe Øye.

Vestferd samarbeider også med andre aktørar, som mellom anna Ålesund-Sunnmøre Turistforening og Optimal Pilates og Yoga. Det er i tida framover sett opp fleire arrangement og aktivitetar.

Mellom anna kjem Pilates- og yogacamp på Reindalsseter til å ta plass frå 1–5 september og 8–12 september.

Første veka vil ha fokus på muskel og skjelettplager, medan andre veka vil ha fokus på stress og utbrentheit.

– Dette er for alle, uavhengig av om du er nybyrjar eller har praktisert Yoga og Pilates tidlegare, seier Moe Øye.

I oktober blir Kids Camp kjørt i gang. Dette er eit opplegg for born i alderen 10–13 år, som vert kjørt ein gong per månad. Vestferd vil stelle i stand ulike aktivitetar gjennom heile året, og i ulike vêrforhold.

Døme på aktivitetar er fjellturar, skiturar, snorkling, klatring og å sove ute under open himmel.

Arrangement for bedrifter

– Vestferd kan tilby opplevingar, blåturar og aktivitetar tilpassa bedrifter med ei samansett gruppe menneske.Døme kan vere ei hyttehelg, der ei gruppe går i fjellet, nokon driv i fjorden, og ei anna gruppe får kokkekurs på hytta.