Under storflaumen i november gjekk det eit jordskred på Vatne som gjorde store skadar.

Jord- og steinmassane øydela mykje av kulturlandskapet ved Vatnevatnet.

Mellom anna vart tre elveløp frå Vatneberget i retning Vatnevatnet øydelagt, og det laga seg eit nytt elvefar. Dette gjorde svært stor skade på tre eigedommar. Dette er gammalt kulturlandskap som tidlegare har vore nytte både til fôrproduksjon og til beitemark, fortel Vatne i klagen.

Han peikar på at skadane jordraset medførte ikkje vart dekt av Naturskadefondet fullt ut.

Difor vart det søkt om midlar frå SMIL-ordninga, spesielle miljøtiltak i landbruket. Men her fekk Vatne avslag.

– Søknaden galdt tilskot til å lage ein nye kanal i det nye elveløpet med plastring og avløpsføringar gjennom vegar i området. Desse må ha stor nok kapasitet til å ta unna vasstilsig i nedbørsområdet.

Vatne ber no om at saka vert klagehandsama, slik at det vert mogleg å tilbakeføre kulturlandskapet i området.