– Vi reiser tilbake til Oslo på onsdag, og kvir oss for å reise frå desse kattungane om ikkje nokon kan hjelpe og ta hand om dei. Eg trur dessutan at kattungane er klare for å bli teken frå mora, og inn i ein heim. Dei et både kattemat, og grev i jorda sjølve når dei gjer frå seg.

I to veker har Heidi Heltne Dengsø og Pelle Dengsø saman med dottera Pernille Heltne Dengsø (11) feriert i sommarhytta si på Vallabøen. Sidan dei kom har ei kattemor heldt seg i området rundt hytta og i Fonnavegen. Dette er ei kattemor som ifølgje familien ser ut til å vere svært vand med menneske, og er mest truleg komen frå ein heim i nærleiken.

For eit par dagar sidan oppdaga dei plutseleg at tre kattungar var komne til hytta.

– Kattemora merka sikkert at vi er ein vennleg familie, så ho vart trygg på å ta med ungane hit til oss. Eg trur dei har oppheldt seg i skogen tidlegare, fortel Heidi Heltne Dengsø.

Kattungane

– Vi skulle gjere teke med ein kattunge tilbake til Oslo, men det kan vi diverre ikkje, sidan vi allereie har ein katt der.

Kattemora og kattungane er svært tame og vennlege, og personlegdomen deira er nokså ulik.

– Den mørkegrå katteungen er vel den katten som er mest frampå og tøff, medan den oransje kattungen er litt meir tilbakehalden. Den kvite katten er roleg og kosete, forklarar Heidi.

Hjelp

– Om du veit om kven som eig kattemora, eller vil hjelpe å finne ein heim til kattungane, er det berre å ta turen for å helse på dei. At kattane endar opp som villkattar er ikkje ønskjeleg for nokon. Om vi ikkje får tilbakemelding innan tysdag vil vi ringje til dyrlegen og be om råd.

Raudehytta ligg om lag 150 meter frå Fonnavegen, som er den øvste vegen i Vallabøen. Ovanfor dei øvste husa i Vallabøen finn du ein sti som fører deg dit.

Mobilnummeret til Heidi Heltne Dengsø er 95177060.