Fram til 15. september er det generelt forbod om å gjere opp i eld i skog og utmark. I Møre og Romsdal og Trøndelag er det no sendt ut obs-varsel grunna lokalt stor skogbrannfare inntil det kjem nedbør av betydning.

– Dette forbodet gjeld alle former for eld, også eingongsgrillar, seier brannsjef Einar Ytre-Hauge i Ørsta.

Det er ikkje forbode å gjere opp eld i nærleiken av innmark, og det er skogbrann som bekymrar brannvesenet mest i denne tida.

– Det er som oftast to ting som fører til skogbrann. Det eine er at folk misser kontroll og bål og grillar, og det andre er at dei forlet bål og grillar utan at dei er skikkeleg sløkt. Eingongsgrillar er forbode i skog og utmark i denne perioden, og vi legg merke til at dei kan vere upraktiske å ta med seg etter bruk. Litt vatn er ikkje nok til å sløkke glør i kolet.

Tysdag denne veka måtte Ørsta brannvern rykkje ut etter melding om brann i vegetasjon på Lid i Volda kommune. Utrykkinga vart avbroten då brannen var under kontroll.

– Den siste månaden har vi ikkje hatt hendingar i tilknyting til bål og eld i terrenget, og det har vore roleg i Ørsta, seier Ytre-Hauge.

Dei kommunale badeplassane i kommunen er populære plassar no når gradestokken viser godt over 25 varmegrader i skyggen. Medan Vekslet vert rekna som innmark er badeplassane ved Hovdevatnet og Vatnevatnet utmark.

– Skal noko ha eit arrangement i eit område der forbodet gjeld, og vil tenne opp bål, så må det søkjast om og gjevast løyve til. Skal du søke må dette gjerast i god tid. Alt anna bruk av eld i skog og utmark vert rekna som ulovleg brenning. Naturfestivalen har søkt om å få brenne bål ved Hovdevatnet då dette vert rekna som utmark.

Fleire kommunar innfører eigne vedtekter, og har lagt ned totalforbod mot bruk av open eld.

– Vi meiner det er nok med det generelle bålforbodet, og vi ønskjer ikkje å ta frå folk moglegheita til å grille i fjøra, seier Ytre-Hauge.