– Vi var fyrst litt skeptiske til å varsle naudtenestene, for vi trudde det ville koste mykje. Vi visste ikkje at ein slik redningsoperasjon var gratis i Noreg. No er Jana (den skadde kvinna) godt forsikra, men likevel var vi uvisse på regelverket, fortel Martin.

Han og dei andre fekk eit brå opplæring i norsk helsevesen på sitt beste onsdag og torsdag. Onsdag fordi dei fekk vite at redningsoppdrag og innlegging på sjukehus er gratis.

– Og torsdag fekk vi gladmeldinga frå Ålesund sjukehus om at Jana er operert, og at ho vil verte heilt frisk. Vi skal heim til Tsjekkia laurdag, men det er enno uvisst om Jana kan vere med oss i bilane, eller om ho skal ha transport på ein annan måte, fortel Martin, som igjen takkar mannskapa om bord på luftambulansen for hjelpa.

– Dei var rolege og profesjonelle, og då bergingsmannen vart fira ned til oss, gav han oss instruksar på ein roleg og enkel måte. Det gjorde oss trygge, fortel Martin.

Han og Anders oppsøkte Jana etter at dei vart oppringde frå henne, der ho fortalde om ulykka.

Då trudde dei det vart ein grei operasjon å få henne ned, men Anders såg kvar staden var, og samsnakka med far Arne Johan Hustadnes, eigaren av Hustadnes Fjordhytter. Han valde å ringde politiet etter hjelp.Berga i spektakulær redningsaksjon

Takkar hjelpemannskapa