Det fortel Martin Slaver. Saman med Anders Hustadnes var han hos den skadde tsjekkiske kvinna, Jana, i det bratte og stygge terrenget sør for Hustadneset onsdag kveld og natt til torsdag.

Han og Anders vart også kommandert til å verte verande på funnstaden til dei sjølve vart berga ut. Men her ynskjer Martin å avdramatisere.

– Ja, det var ein veldig stygg plass, for det var eit stup under oss. Rett nok ikkje loddrett, men farleg nok. Likevel kjende vi oss ikkje utrygge, fortel Martin.

Dei vart fyrst fortalt at dei måtte verte verande i ro til nærmare instruksar.

– Det vart fyrst sagt at helikopteret skulle kome tilbake, men det let seg ikkje gjere. Då skulle vi vente på mannskap frå den alpine redningsgruppa. Vi vurderte det likevel slik at vi kunne greie å gå frå staden. Anders fekk snakke med mannskapa, og det vart avtalt at vi skulle gå dei i møte. Anders hadde lykt, slik at vi hadde grei sikt, fortel Martin.

Dei møtte mannskapa frå den alpine redningsgruppa i skogkanten, og var vel nede på Hustadneset i tretida natt til torsdag.

Martin er på Sæbø saman med broren Jan og eit stort tsjekkisk følgje. Dei leiger to hytter hos Hustadnes Fjordhytter, og har vore i bygda sidan laurdag.

Onsdag kveld bestemte Jana seg for å ta ein tur opp i skogen. På veg ned att valde ho eit gammalt sauetrakk i staden for råsa, og ho kom ut i farleg terreng.

– Ho fall fleire meter, og knekte leggbeinet i fallet. Ho vart stoppa av eit tre, slik at ho ikkje sklei over kanten på stupet. Der greidde ho å klamre seg fast til eg og Anders kom til staden, fortel Martin.