– Sunnmøre politidistrikt har sett i verk ei rekkje tiltak. Eitt av desse er å heve beredskap i samband med grensekontroll knytt til flyplass med internasjonale flygingar og cruisebåttrafikken. Ut over dette kan vi ikkje gå nærare inn på detaljane i kva for tiltak som vert sett i verk lokalt, seier Bøen.

– Vi ber publikum om å vere meir årvakne, utan at det skal påverke dagleglivet vårt, seier Bøen.

Det er på bakgrunn av trusselvurderinga frå PST at politiet no har sett i verk ei rekkje tiltak for å førebyggje eit eventuelt angrep. Alle av landets politidistrikt er varsla om situasjonen, og dei er førebudd på å respondere dersom noko skulle skje.