Ei 38 år gammal kvinne frå Tsjekkia vart natt til torsdag berga ut frå ei fjellhylle ved Hustadneset nær Sæbø etter ein spektakulær redningsaksjon.

Mannskapet på ambulansehelikopteret i Ålesund stod for ei utruleg bragd då kvinna vart berga ut frå det stygge fjellpartiet. Med rotorblada berre eit par meter frå tretoppane, vart fyrst ein bergingsmann fira ned til den skadde kvinne, før helikopteret igjen tok ut kvinna og bergingsmannen i ein svært vanskeleg operasjon i mørket.

To menn stod att

To personar som kom til kvinna til fots, vart kommandert til å vere igjen på staden. Ut på natta vart også dei tekne ned med assistanse av mannskap frå den alpine redningsgruppa, opplyser politiet sin operasjonssentral.

Det var like etter klokka 21 at naudetatane vart varsla om at ei kvinne hadde falle i fjellet ovanfor Hustadneset, og mest truleg hadde brekt beinet. Kvinna hadde då gått ein tur mot Hustadnestua i attentida onsdag kveld.

Politi kom til staden, og lokale Røde Kors-folk, frivillige og familie og venner til den tsjekkiske kvinna prøvde å kome fram til den skadde kvinna. To personar, ein lokalkjend, og ein i det tsjekkiske følgjet, kom seg fram til kvinna.

Det viste seg at kvinna hadde kome heilt ut av kurs, og kome inn i eit svært bratt og vanskeleg terreng sør for Hustadneset. Her hadde ho falle, og til all lukke vart ho hengjande fast i ei grein rett over eit stup på tretti meter.

Luftambulanse

Det vart bestemt å rekvirere luftambulanse, og om lag kl. 22.50 kom helikopteret til staden. Det vart slått fast at terrenget dama var i, var svært bratt og ulendt, og at bergingsoperasjonen ville verte krevjande.

Helikopteret fekk fyrst lokalisert kvinna i den bratte fjellveggen. Det vart blinka med lys, slik at mannskapet om bord på helikopteret eksakt visste kvar ho var. I ein vanskeleg operasjon gjekk helikopteret der etter med ein bergingsmann hengjande i ei line. Lina var akkurat lang nok til at bergingsmannen kunne firast ned til kvinna.

Der vart kvinna stabilisert. Det vart fyrst vurdert å flytte henne om lag tretti meter, slik at helikopteret kunne kome enklare til når kvinna og bergingsmannen skulle løftast opp. Dette viste seg å vere uråd. Staden der kvinna hadde falle, var uråd å kome seg i frå utan utstyr.

Berga

Då vart avgjerda at helikopteret gjekk inn att med lina, slik at bergingsmannen kunne huke på seg sjølv og kvinna. Då hadde det vorte mørkt, og i ein spektakulær operasjon, der helikopteret lyste ned mot fjellet, og der rotorblada var berre to-tre meter frå tretoppane, lukkast det å få dei to ut.

Dei vart frakta hengjande i lina til ein trygg landingsplass på Hustadneset. Der vart kvinna behandla av ambulansepersonellet, før ho vart teken inn i helikopteret, og frakta til Ålesund sjukehus.

Samstundes var det klart at dei to mennene som kom seg bort til kvinna, var ståande faste. Politiet opplyser til Møre-Nytt torsdag morgon at desse to kom seg trygt ned med hjelp av mannskap frå den alpine redningsgruppa. Det var mildt i Hjørundfjorden natt til torsdag, slik at det ikkje var noko fare for at dei to mennene skulle fryse.

Flaks

Til Møre-Nytt sa bergingsmannskapet om bord i helikopteret at det hadde vore ein spesiell aksjon.

- Kvinna har hatt utruleg flaks. Ho hang fast i ei grein, og det stoppa henne frå å falle utfor stupet. Dette var ein heilt spesiell og veldig krevjande operasjon, sa bergingsmannen til Møre-Nytt.