Per Bjerke frå Ørsta Jeger og Fisk fortel at elvane er stengt for laksefiske frå og med i dag, onsdag.

- Det er lite fisk og lite vatn. Det er ingen grunn til å fiske på det vesle som er der. Dette er ei avgjerd gjort i samarbeid med elveeigarlaget.

21. juli vart temperaturen i Ørstaelva målt til 22 grader.

- Det er lite oksygen og lite attraktivt for fisken å gå oppover. Der står ein del ute i fjorden som vil gå fram når det kjem regn, seier Bjerke.

Sesongen i Ørsta vart dermed kort. Den starta i midten av juni og vart avslutta 23. juli.

- Sesongen har ikkje vore noko å skryte av. I fjor var det middels, i år er det litt dårlegare. Det er betre å stenge tidleg, så får den fisken som står og ventar ta seg opp i elva. Og så får vi håpe på betring.