Og sjølv om borna deira no er vaksne, sit Jørn Olsen Øie og Gunnar Knutsen framleis i styret i stiftinga Farkvamen barnehage.

– Det er framleis givande å få vere med og utvikle barnehagen. Og så er det no litt kjekt å kunne ha handa på styret også, humrar styremedlem Øie og styreleiar Knutsen.

Foreldre

Dei var mellom fem foreldrepar som på slutten av 80-talet busette seg i Farkvamen i ei tid då det var dårleg barnehagedekning i Ørsta. Området Farkvamen hadde mange born – men ingen barnehage. Kva gjer vi? Tenkte foreldra og sette i gang ein omfattande prosess som enda i eigen barnehage eigd av ei privat stifting. Drivkrafta var i stor grad idealisme. For om det ikkje var blod, sveitte og tårer, så var prosessen med å realisere barnehagen krevjande, spesielt dei to første åra. Det handla mykje om nybrottsarbeid i ei tid då det knapt fanst ein privat barnehage i kommunen. Fritidsproblem var eit ukjent omgrep mellom foreldra som gjekk saman.

1. august 1989 vart ein merkedag då barnehagen endeleg kunne opne.

– Dei største utfordringane har vore uføreseielege rammevilkår. Det har vore krevjande å ikkje vite kva pengar ein kunne rekne med å få. Siste åra har dette betra seg svært mykje, seier Øie og Knutsen. Dei har med Nina Melle Scharning i styret.

Dei ser tilbake på dei 25 åra også som lærerike.

Lært mykje

– Vi har lært mykje gjennom engasjementet i barnehagen, mellom anna om det å bidra til fellesskapen. Det ville vi ikkje vore forutan. Heller ikkje det varige vennskapen vi har fått vi fem para i stiftinga.

I dag er det dei kommersielle kreftene som etablerer private barnehagar. Farkvamen barnehage er ikkje i den kommersielle gata. Og der finn ein ikkje eigarar som tek ut utbyte. Eit eventuelt overskot for stiftinga, som er gjeldfri, vert ført tilbake i barnehagen. Der er det stadig behov for investeringar. No står utviding av personalavdelinga, og opprusting av eit for barnehagen nytt leikeområde, for tur. Leikeområdet er på nabotomta, og vert fellesområde for Farkvamen ve og vel og barnehagen.

Stolte

Jørn Olsen Øie og Gunnar Knutsen er stolte av barnehagen som dei meiner er veldriven og velfungerande, med stor trivselsfaktor blant både borna og dei tilsette. Sjukefråveret er særs lågt.

– Vi fekk ein gong spørsmål om vi var interessert i å ta over kommunale barnehagar fordi vi driv rimelegare enn slike, fortel styreleiar Knutsen nøgd.

Slagord

– Slagordet vårt er «omsorg, tryggleik, trivsel og tid for alle». Vi jobbar mykje med sosial kompetanse og korleis ein skal omgå kvarandre. Elles er vi mykje ute på tur, og er glade vi har ein minibuss som vi kan bruke i samband med dette, fortel styrar Ellen Marie Bjørdal Eikenes. Ho har vore tilsett i barnehagen sidan 1999. Siste seks åra har ho vore styrar.

Alt ligg til rette for 25 nye år med barnehagedrift i Farkvamen.

– Kanskje ikkje med oss i styret, i så fall må her leggjast til rette for rullatorbrukarar, skjemtar Øie og Knutsen.