Eskil Rønningsbakken (35) er kjent verda over for balansekunsten sin, og frå 29. juli - 2. august er han ein av bidragsytarane under Naturfestivalen/Saudehornet rett opp.

Han vil lære vekk balansekunst til både born og vaksne gjennom kursa sine, og vil i tillegg vise spektakulær balansekunst frå ei kran i Hamneparken 31. juli.

Rønningsbakken har i tillegg hasta mange godord for foredraga sine, og vil vere ein av foredragshaldarane under festivalkonferansen på Ørsta kulturhus.