Turisme, arrangement, selskap og restaurantdrift er stikkord for kva Hotell Ivar Aasen, Sagafjord Hotel og Hotel Union Øye satsar på når konferansar og bedriftssamlingar held stilt om sommaren.

Ørsta

– Vi har fleire besøkjande denne sommaren samanlikna med fjorårets sommar. Juli er det stilt med konferansar, men vi har ein del turisme. Hovudsakleg nordmenn som overnatta og nytta seg av restauranten, fortel direktør på Hotell Ivar Aasen, Vivi-Ann Teige.

– Restauranten har no ein eigen sommarmeny med à la carte, med noko for ein kvar smak. Den er open for alle som vil ta turen innom. Vi skulle gjerne hatt fleire lokalfolk som nytta seg av den, seier Teige.

I august og september vert kjøkkenet til restauranten dessutan forsterka med ein ny soussjef og kjøkkensjef.

– Dette er for å betre forretnings- og lokalmarknaden.

Sæbø og Øye

– Turisme, bryllaup og andre selskap går det mykje av om sommaren. Frå mai–oktober har vi sju bryllaup, seier direktør på Sagafjord Hotel, Hans Konrad Amundlien.

Restauranten på hotellet har ope kvar dag, med ein variert à la carte meny. På onsdagar i sommar har dei dessutan rekebuffet på hotellet, som direktøren bekreftar er svært populært.

– Vi har generelt eit mål om å auke interessa for Hjørundfjorden. Vi ønskjer alle velkomen, og vi vil gjere vårt beste for gje ei god oppleving av besøket på hotellet, fortel Amundlien.

På Hotel Union Øye er direktør Mariann Øye–Mork nøgd med det fine vêret som verkar positivt inn på turismen.

– Mange nordmenn, men også utanlandske, kjem sommarstid. Det har heldt seg stabilt med turisme siste åra, men det merkast at Kvivsvegen er komen.

På hotellrestauranten serverer dei lunsj og middag kvar dag, men middagen bør bestillast på førehand, fortel Øye–Mork. I tillegg held dei fokus på at maten i restauranten er kortreist og økologisk.

– Her er det berre å kome innom, vi har alltid plass til fleire, seier Øye–Mork.