22.august landar 142 utanlandske ungdommar på Gardermoen. Dei skal gå på ein norsk vidaregåande skule og bu hos ein vanlig norsk familie. Framleis manglar nesten halvparten vertsfamilie, og AFS håper at familiar i Volda og Ørsta vil opne heimane sine for eit nytt familiemedlem.

Familiemedlem

-Å vere vertsfamilie er spennande, du vert betre kjent både med verda og deg sjølv. Du får ein ungdom inn i huset som skal vere som eit familiemedlem; med andre ord treng ikkje huset å skine eller kjøkkenet alltid vere ryddig. Eit familiemedlem er med på kranglane og husråda, så det er ikkje ein gjest du skal ha i hus, fortel Marit Grønskei som er Generalsekretær i AFS Norge. Eleven skal gå på vanleg norsk vidaregåande skule, og AFS Norge ordnar skuleplass til elevane.

-Vertsfamiliar kjem i alle storleikar og samansetningar; éin eller to vaksne, med små, store, vaksne eller ingen born, held Grønskei fram. Det viktigaste er at du er open for å ta imot ein ungdom i familien din, og ikkje minst i hjartet ditt. Som vertsfamilie knyt ein ofte band som varer livet ut.

Ønskeliste

Som vertsfamilie må du stille med kost og losji, og hjarterom. Ut over det kan du vere så vanleg som berre nordmenn kan vere. Dei aller fleste vertsfamiliar bur landleg til, og så lenge ein har sjanse til å komme seg på skulen går det bra!

Utvekslingselevane som kjem er frå land over heile verda, og har ulike interesser og karaktertrekk. Vertsfamiliane får kome med si ”ønskeliste” med tanke på kjønn, land og interesser, og så prøver AFS å finne ein så god ”match” som mogleg.

-Ein treng ikkje føle at ein skal underhalde og gjere noko ekstra for utvekslingseleven; dei kjem til Noreg for å oppleve vanleg norsk kvardag. Berre det å skulle lage sin eigen matpakke ser mange på som eksotisk, avrundar Grønskei.