I desember 2013 sykla tiltalte på fylkesvegen på Nordre-Vartdal. Ei kvinne i 50-åra kom i motsett retning saman med to venninner og to hundar. Både kvinnene og hundane hadde på seg refleksvest. Rundt 300 meter frå startpunktet til sykkelturen sykla tiltalte på kvinna. Ho fall bakover som følgje av påkøyringa, og slo bakhovudet i bakken. Kvinna døydde dagen etter på grunn av hovudskaden ho pådrog seg i fallet.

I retten erkjende mannen seg skyldig etter tiltalen. Då ulykka skjedde var han ikkje myndig, og han er tidlegare ustraffa. Tiltalte og den avdøde kvinna kjende kvarandre godt.

Ulykka skjedde på kveldstid, og det var mørkt og dårleg vêr. Påkøyringa skjedde om lag åtte meter frå den næraste lyktestolpen på strekninga.

Retten kom fram til at tiltalte handla aktlaust då han sykla på feil side av vegen og utan lykt. Etter retten sitt syn hadde han plikt til å tilpasse syklinga etter forholda.

Mannen vart i Søre Sunnmøre tingrett dømd etter tiltalen. Fengselsstraffa vert utsett med ei prøvetid på to år, og mannen vart frifunnen for krav om oppreisningserstatning.