Dei siste åra har Domstoladministrasjonen bøtt på mangelen på arbeidskraft gjennom kortvarige ekstraløyvingar og midlertidige tilsetjingar av dommarfullmektige. Frå nyttår er det slutt på dette.

– Det er utilrådeleg å bøte på eit varig og vesentleg behov for arbeidskraft gjennom kortvarige ekstraløyvingar. Dette gjer at vi får unødig usikkerheit rundt tidfesting av saker, det gjer oss mindre fleksible og meir sårbare, seier Wiik.

Tingrettsdommar

Ho søkjer no Domstoladministrasjonen om å få tilført ei fast stilling for ein tingrettsdommar lagt til tingretten i Volda. Wiik hevdar dei er 30 prosent underbemanna sett i høve til talet på saker. Dette slit på dei tilsette.

–I tillegg er dette same argument Domstoladministrasjonen brukar for å legge ned små domstolar, at vi er lite fleksible og sårbare. Ved å halde oss varig og vesentleg underbemanna på faste stillingar, vert dette såleis ein sjølvoppfyllande profeti, seier ho om situasjonen.

Ho meiner dei ved Søre Sunnmøre tingrett har meir enn god nok sakstilgang til tingretten til å grunngje ei fast tingrettsdommarstilling, talet på saker aukar også jamt og trutt.

Alvor

I dag er dei ein sorenskrivar, ein fast dommarfullmektig og fire sakshandsamarar. Ifølgje Domstoladministrasjonen sine eigne utrekningar burde dei ha 2,8 faste dommarstillingar og 4,4 faste sakshandsamarstillingar, minner Wiik om.

Ho har rekna ut at dei treng 616 arbeidsdagar på eit år for å få unna alt arbeidet, fordelt på dei 440 arbeidsdagane dei har til rådvelde mellom sine tilsette.

– Korleis skal vi kunne gjennomføre dette på ein forsvarleg måte innanfor arbeidsmiljølova sine reglar, spør ho Domstoladministrasjonen om.

Ho seier at ein tingrettsdommar vil gjere domstolen meir robust og mindre sårbar. Ho veit at det vil ta tid, og ber om svar før dei vanlege tilbakemeldingane som gjerne kjem i samband med budsjetthandsaminga ved juletider. Som mellombels løysing ber ho om at dei får ein ekstra dommarfullmektig tilsett frå nyttår.

– Eg vil understreke alvoret i dette, seier ho.