HELFO rettleiing heiter HELFO si nye avdeling i Ørsta etter at dei frå nyttår vart omorganisert. Etter eit halvt års drift er avdelinga på plass i fine og funksjonelle lokale, og har kome godt i gang med nye arbeidsområde. No er det behov for vikarar som også kan utgjere ein vikarpool.

Rettleiing

HELFO rettleiing har vel 40 tilsette fordelt på tre seksjonar, som alle har landsdekkjande funksjonar. Den eine seksjonen rettleier helseaktørar på HELFO sine område. Den andre rettleiar private ved spørsmål om søknader og rettar som private har på helsetenesteområdet. Dette gjeld også utlandsområde.

– Rettleiinga gjeld folketrygda sine stønadsområde innan legemiddel, tannhelse og bidrag, fortel regiondirektør Tove Krøvel.

Begge seksjonane yter sørvis via telefon og e-post. Den tredje seksjonen er oppretta for å drive førebyggjande informasjonsarbeid til både helseaktørar og private, med det for auge å «gjere rett første gong».

– «Rett første gong» vil seie at informasjonen på internett, e-post og telefon er tydeleg og presis slik at mottakar forstår kva som må til, for eksempel viss dei skal sende eit krav til oss. Poenget er altså at kunden har forstått kva dei skal gjere ved først gongs kontakt, fortel Tove Krøvel.

Funksjonelle

HELFO i Ørsta hadde lokala sine ut på tilbod ved nyttår. Ørsta Bruk, som også tidlegare husa dei, vann bodrunden. Etter ei ombygging, som starta i februar, no er ferdig, står lokala no fram som tiltalande, funksjonelle og skreddarsydde for dei vel 40 som jobbar der. Dei fleste av desse har no fått endra arbeids- og ansvarsområde.

– Dei tilsette har vore gjennom ein krevjande periode, både i samband med omstilling og det å arbeide i lokala under ombygginga. Likevel har dei klart å yte god sørvis, og har kome godt i gang med utviklinga av den nye avdelinga, rosar Krøvel, som er svært stolt av medarbeidarane sine.

Ho fortel at områda kommunikasjon og informasjon er i vekst i HELFO og at dette vil få større fokus i framtida.

– Også vi jobbar i stor grad med digitale sjølvbeteningsløysingar, som igjen vil auke behovet for rettleiing på nett og i fleire kanalar framover, seier avdelingsdirektøren.

Vikarar

Etter kvart trur krøvel at HELFO i Ørsta vil kunne auke arbeidsstokken ytterlegare.

– I første omgang er vi ute etter seks nye medarbeidarar som kan jobbe som vikarar frå august og ut året. Vi ønskjer spesielt å knyte til oss medarbeidarar på området rettleiing for private, som også kan utgjere ein vikarpool for HELFO i Ørsta, seier Krøvel.

Ho oppmodar folk om å ta kontakt. Minstekrav er å ha gått vidaregåande skule.

– Dette kan til dømes vere unge som ikkje har skuleplass til hausten, eller studentar. Men også dei som er i ein slik situasjon at det passar å vere tilkallingshjelp, eller ønskjer jobb i feriar og høgtider.