Kampanjen er utvikla saman med Grønt Punkt Norge som har fokus på gjenvinning av emballasje. Dette gjennvinningsfokuset vert vist gjennom å resirkulere og gi nytt liv til ulike låtar. Fleire kjende artistar er med på laget, mellom anna Kaveh, Timbuktu, Jaa9 og Onkl P. Frå 6. juni og utover sommaren vert sju låtar og musikkvideoar slept.

Den resirkulerte låta til Side Bork har namnet «1,2,3 Fyre (Esso 2014)», og er den fjerde låta av totalt sju som har blitt resirkulert. Runar Gudnason i Side Brok seier dette i ei pressemelding om resirkuleringa:

- Det var ikkje mykje tvil om kven som måtte resirkulere denne ti år gamle sviska. Yoguttene fyrte opp romskipet, Basmo slo på alle knappane, og eg aktiverte cruise controllen – back to the Esso. Her luktar det bensin, drit og god stil. Takk for turen.

Resirkulert Lyd håper å kunne gje det unge urbane musikkpublikumet mange gode musikalske opplevingar, og samtidig bidra til å gjere folk oppmerksame på verdien av å bidra positivt til naturen sitt krinslaup.