Det er liten tvil om at det nyttar å setje opp vrakpanten om ein ønskjer ei raskare fornying av bilparken. På dei siste to åra er panten dobla, og dette har medført ei rekordstor dumping av bilar. Dette gjeld heile landet, og ikkje minst i Ørsta og Volda.

Vraking i Ørsta

Nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser at det blei vraka totalt 365 biler som var registrert på ei adresse i Ørsta i fjor. Dette var 332 personbilar og 33 varebilar med grøne skilt. Dette er 82 fleire enn året før, noko som betyr ein auke på 29 prosent. Det har ikkje blitt kasta så mange bilar i Ørsta sidan kommunestatistikken blei innført i 1997.

I Volda kommune blei det vraka 255 personbilar og 26 varebilar – totalt 281 bilar på dynga. Dette er 52 fleire enn året før, ein vekst på nesten 23 prosent.

Vi ser tilsvarande utvikling både i Møre og Romsdal og i Noreg. Tala frå Møre og Romsdal viser at 8.123 personbilar og varebilar blei vraka, noko som er ein auke på dryge 25 prosent. I Noreg blei det totalt kastet 150.905 bilar, som er over 28 prosent meir enn førre år.

– Berre éin gong tidlegare, sidan statistikken blei etablert i 1985, er fleire bilar tekne ut av trafikken i Noreg. Det var i 1996, då det blei vraka 224.000 bilar, i hovudsak som følgje av ei kortvarig heving av vrakpanten til 6.000 kroner, opplyser SSB i artikkelen sin om vrakstatistikken.

Vrakhyppigheita i Ørsta

– Personbilane som blei tekne ut av trafikken i fjor, var i gjennomsnitt 18,4 år gamle. Chevrolet, Volvo og Mercedes var dei tre merka som heldt ut lengst på dei norske vegane, fortel SSB.

– Dei var i gjennomsnitt 20 år eller eldre då dei blei «pensjonerte». Varebilane var i gjennomsnitt 15,4 år då dei blei vraka, legg byrået til.

Ved inngangen til 2014 var det registrert 6.707 person- og varebilar i Ørsta kommune. Med dette som utgangspunkt kan vi seie at utskiftingsfrekvensa er noko større i Ørsta enn det som er vanleg i Noreg. For kvar 100. bil, blei det nemleg kasta 5,4 bilar i Ørsta. Normalen i Noreg er på 5,2 per hundre bilar.

I Volda fanst det 4.990 biler den 1. januar, så vrakfrekvensen ligg her på 5,6 per hundre.

-Må opp i 5.000 kroner

Noregs Automobilforbund (NAF) meiner det er opplagt kvifor det har vore rekordstor avgang av bilar i fjor. Og maner til ytterlegare auke i vrakpanten.

– Vrakpanten stod på staden kvil i over ti år. Den blei ikkje ein gong justert etter konsumprisindeksen, minner forbundet om i ei pressemelding.

I 2012 blei den auka til 2.000 kroner, for så å auke frå januar i fjor til 2.500 kroner og sist for eitt år sidan til 3.000 kroner.

– Auken viser at vrakpanten er eit godt verkty for å få ut dei eldste og mest forureinande bilane frå bilparken.

For å få til ein jamt høg utskifting av bilparken, meiner NAF at vrakpanten må vere på minimum 5.000 kroner.

– Sjølv om den auken vi har sett fører til auka vraking, må det meir til for å få ned gjennomsnittsalderen på den norske bilparken. Ein nyare bilpark er viktig både for trafikktryggleiken og miljøet, understrekar NAF.