Første helga i juli vart Norske redningshundar Ørsta Omeignslag kalla ut til to aksjonar. I Hjørungavåg var ein mann sakna.

– To hundeekvipasjar frå vårt distrikt og ein ekvipasje som ferierte i området stilte opp, og det vart hundeekvipasjen som lokaliserte den sakna mannen, seier leiar Per Gunnar Engetrøen i Norske Redningshundar Ørsta Omeignslag.

Den same helga vart tre hundeekvipasjar kalla ut til Kleive i Romsdalen. Saman med ei gruppe frå Røde Kors gjorde den eine hundeekvipasjen funn. Førre helga vart ekvipasjar kalla ut til Averøya, men den sakna kom til rette før hundeekvipasjane kom til staden.

– Det kom også oppmoding om bistand til Flåm i Sogn og Fjordane. To hundeekvipasjar reiste og var i full sving fram til og med måndag i søket etter ein sakna mann, seier Engetrøen.

Norske redningshundar Møre og Romsdal har heimfylket som primærområde, men hjelper til i Sogn og Fjordane. Årsaka til at oppmodinga kom frå Flåm var at det var eit ras som stengde vegen frå sør.

– Vi hjelper kvarandre, og hundeekvipasjar frå Sogn og Fjordane har også kome oppover hit til aksjonar. På Flåm var hundeekvipasjane bidragsytarar til at søket vart konsentrert rundt elva der det vart gjort to markeringar. Seinare vart den sakna mannen funnen.

Onsdag kom det igjen oppmoding om bistand frå Førde. To hundeekvipasjar reiste då det vart innkalla forsterkningar, men aksjonen vart seinare avblåst då den sakna kvinna vart funnen i god behald.

Dermed har Norske redningshundar Ørsta Omeignslag vore involverte i fem aksjonar på kort tid.

– Det har vore bra aktivitet no. Vi har vore oppe i 33 aksjonar på eitt år, men i eit roleg år så ligg det mellom 15–20 aksjonar, seier Engetrøen.

Hundeekvipasjane har fellestreningar 2–3 gonger i veka, helgesamlingar, fast samling for sommartrening og vinterkurs over to langhelgar.