Mattilsynet varslar Ørsta kommune om at det kan verte kravd dagmulkt fordi Vartdal kommunale vassverk (Dalelina) ikkje er formelt godkjent.

Mattilsynet viser til at det under ein inspeksjon i 2009 vart avdekt at det kommunale vassverket på Vartdal ikkje var godkjent, og kommunen fekk pålegg om å søkje godkjenning for vassverket.

I juni i år vart det frå Mattilsynet si side endå ein gong kravd søknad om godkjenning, men Mattilsynet har ikkje registrert noko svar enno.

Frist

Difor set Mattilsynet ein endeleg frist til 30. september med å søkje godkjenning for det kommunale vassverket på Vartdal.

Viss kommunen ikkje søkjer godkjenning innan fristen, vil Mattilsynet skrive ut tvangsmulkt. Storleiken på mulkta vil stå i forhold til kor viktig det er å gjennomføre pålegget frå Mattilsynet.