Våren 2011 var den tiltalte utpeikt til å vere ein mogleg far av mor til barnet. Mannen tilstod hendinga og forklarte i retten at han hadde hatt samleie med kvinna ein gang, og høyrde ikkje noko frå ho før han fekk brev i posten om at han var ein av fleire moglege fedrar til tvillingar. Han forklarte at han fekk hetta og ville gamble på at ein av dei andre moglege fedrane var faren til ungane, og han fekk difor ein annan person til å ta farskapstesten for seg. Ni månader seinare vart han kalla inn til blodprøve. Då hadde farskapet til jentetvillingen vorte fastslått, men ikkje til tvillingguten. Igjen fekk mannen ein annan til å ta farskapstesten. Seinare vart han kalla inn til ny test hos fastlegen, og farsskapet til tvillingguten vart fastslått.

Påtalemakta ville at straffa til mannen skulle verte sett til fem månader i fengsel. Mannen vart dømd til 90 timar samfunnsstraff med ei gjennomføringstid på 120 dagar. I tillegg er mannen dømd til å betale ei bot på 10.000 kroner, subsidiært fengsel i 10 dagar. Mannen vedtok dommen.