Scana Propulsion i Volda klagar på taksten som er lagt til grunn for eigedomsskatten for selskapet.

Scana har fått ei verdifastsetjing av eigedomssmassen i Volda som er høgare enn salstaksten som vart fastsett i 2012. Det finn selskapet urimeleg.

– Sett i forhold til taksering av privatbustader i Volda, som har ein skattekast på eigedommane på tretti til femti prosent av forventa sals- og marknadspris i området, finn vi det urimeleg å godta ein skattetakst på våre bygg og vår eigedom som faktisk er høgare enn ein forventa salspris, seier driftsdirektør Oddbjørn Følsvik i klagen til Volda kommune.

Faktiske feil

Scana Propulsion meiner også å kunne dokumentere ein faktisk feil i takseringa.

Det vert vist til at med i takstgrunnlaget er alle maskinane i fabrikken.

– Etter vårt syn er alle våre maskinar å rekne som arbeidsmaskinar, og då skal dei ikkje reknast med i verditaksten, seier Følsvik.

Totalt er taksten til Scana Volda sett til 45,208 millionar kroner. Salstaksten som vart sett for to år sidan var på 44,250 millionar kroner.