På Hedmarken fossa regnet ned tysdag kveld. Mellom klokka 18 og 19 vart det målt 26,1 mm med nedbør på målestasjonen på Stavsberg opplyser Meteorologisk institutt til Hamar Arbeiderblad. NVE sendte ut varsel om lokale overfløymingar i Hedmark grunna kraftig regnvêr. Voldingen Birger Breivik fekk merke uvêret då han køyrde gjennom Hamar rundt klokka 18.30.

– Måtte berre kome meg ut

Han skulle gjennom undergangen mot Skibladnerbrygga då vassmassane plutseleg kom.

– Det kom ein forferdeleg regnskur og eg vart teken av flaum. Eg er ikkje så kjent på Hamar, og det var litt vatn opp hjula då eg køyrde. Plutseleg fôr bilen og eg hadde straum både bak og framfor meg. Eg hadde ikkje ein sjanse til å rygge eller noko, og det var kul umuleg. Då var det berre å prøve å kome seg ut av bilen, seier Breivik.

Kraftig regnvêr

Bilen til Breivik hadde vatn langt opp på sida då han kom seg ut, og Hamar Arbeiderblad skriv at det var tydeleg at vatnet hadde kome fort og med stor kraft. Det kraftige regnvêret på Hedmarken kom brått og kraftig, men skadane vart avgrensa sidan det gav seg relativt fort.

– Verste eg har vore med på

For Brevik enda ikkje turen innom Hamar slik han hadde tenkt på førehand.

– Eg brukar å køyre innom Hamar for å kjøpe meg ein pølsebit. No er det berre å kome seg heim att, og la bilen stå att. Den har vorte frakta til ein verkstad, men det er midt i ferieavviklinga. Så eg har vore i kontakt med Volda Bil og håper at eg får låne meg ein bil når eg er tilbake i Volda. No tek eg nattbussen heim att, og dette er det verste eg har vore med på, seier Breivik.