Sæbø har ber­re éin mi­ni­bank, og den er flei­re bu­tik­kar og tilreisande av­hen­gig av. Nilsbuda og Strands Ba­ke­ri på Sæbø var nokre av butikkane som fekk kjenne på konsekvensen av ein tom minibank.

– Når det er etab­lert ein mi­ni­bank på Sæbø som vi er av­hen­gig av, så må den kun­ne le­ve­re den te­nes­ta den skal, sei­er Kari Stok­ke, som jobbar frivillig i Nilsbuda på Sæbø når ho har tid.

Det vart ringt til Spa­re­bank 1 i hel­ga, der prob­le­met vart for­klart.

– Ban­ken svar­te at vi i mel­lom­ti­da måt­te ta i bruk ein an­nan mi­ni­bank på sta­den. Vi forklarte til dei at Sæbø ber­re har éin, for­tel Ka­nut­te Strand frå Strands Ba­ke­ri.

Mange av­hen­gig

– Det er ver­ken kjekt for kun­da­ne eller oss å måt­te av­vi­se kjø­p av varer grun­na man­gel på kon­tan­tar, og ein mi­ni­bank som ik­kje har pengar. I heile juli har vi ope kvar dag, og i helgane har vi mykje besøkjande. Nilsbuda er med på å lage aktivitet på Sæbø. Det er synd når vi støyter på utfordringar som kan påverke dette, for­tel Kari Stok­ke.

Både Nilsbuda og Strands ba­ke­ri har ope berre om som­maren. Det er derfor ik­kje guns­tig å be­ta­le lei­ge av kort­ter­mi­nal.

– Dess­utan kan vi vanlegvis ta ut pengar rett rundt hjør­net, sei­er Stok­ke.

Hel­dig­vis hjelpte mat­bu­tik­ka­ne på Sæbø til så godt dei kunne, og gav løy­ve til kon­tantut­tak ved bruk av bank­kort.

– Det har vore noko ut­ford­ran­de å måt­te for­kla­re prob­le­met til utan­lands­ke tu­ris­tar. Hel­dig­vis har bu­tik­ka­ne hjelpt til, og kun­da­ne har klart å skra­pe sa­man kon­tan­tar frå lom­me­bo­ka, sei­er Ka­nut­te Strand.

Teke hand om

På tys­dag klokka 12 vart minibanken fylt på med kontantar frå Nokas som kjem tilreisande frå Molde. Minibanken på Sæbø vert vanlegvis fylt på ein gong i månaden.

– Grunna ferieavvikling vart det diverre for lite oppfølging av pengane i minibanken på Sæbø. I tillegg har mykje turisme, noko som er positivt, gjort kontantuttaka større i sommar. Dette har vi no teke lærdom av, fortel Øyvind Årdal frå Sparebank 1.