Kultur- og næringssoga for Ørsta er lagt på vent. Det har ikkje lukkast å finansiere ferdiggjeringa.

Det er sogelaga i Ørsta, Hovdebygda og Follestaddal som saman med Stiftinga Ørsta næringskontor har prøvd å få utgjeve kultur- og næringssoga for Ørsta.

Desse tok eit initiativ då det vart klart at Ørsta kommune trekte seg frå bygdebokprosjektet for gamle Ørsta grunna dårleg økonomi.

Lagt på vent

– Det har ikkje lykkast å få inn nok pengar til fullføring av dei to siste banda i Ørsta si kultur- og næringssoge. Prosjektet vert førebels lagt på vent, seier styringsgruppa for prosjektet. Det er representantar for sogelaga, kommunen og næringskontoret.

Styret fortel at sogelaga og næringskontoret gjort ein stor innsats for å samle inn pengar til å fullføre soga. Det er gjort intensjonsavtalar så langt i prosjektet på 450.000,- frå næringslivet.

Styringsgruppa vender seg no til bedriftene som har gjeve tilsegn om pengar.

Takkar næringslivet så langt

– Vi vil med dette takke Dykkar bedrift som gav lovnad om støtte til prosjektet. Styringsgruppa ser seg nøydd i denne omgang til å legge arbeidet på “is”, i påvente av om det ved betring av kommuneøkonomien kan gjevast tilskot over budsjettet til fullføring av arbeidet seinare. Vi håper derfor at det ved ein eventuell ny oppstart av arbeidet, kan kontakte Dykkar bedrift for ein førespurnad om støtte til fullføringa av Nærings- og Kultursoga for Ørsta, heiter det frå styringsgruppa.

Gunnar Ellingsen

Dei rettar også ei takk til bygdebokredaktør Gunnar Ellingsen.

– Han er ein unik kapasitet i høve innsamling av materialet til soga, og han har også delteke aktivt i arbeidet med å skaffe midlar til prosjektet, heiter det frå styringsgruppa.