Lusteljinga er del av eit forskingsprosjekt som Havforskingsinstituttet gjennomfører på oppdrag frå Mattilsynet og Nærings- og fiskeridepartementet.

Målet er å overvakt lakselussituasjonen på vill laksefisk langs heile norskekysten.

Tel kvar einskild lus

Sidan onsdag i førre veke har avdelingsingeniør Torfinn Larsen og leiande forskingsteknikar Martin Torp Dahl arbeidd i Voldsfjorden, Rovdefjorden, Dalsfjorden og Ørstafjorden for å kartlegge omfanget av lus på sjøaure.

Dette har dei i hovudsak gjort ved å setje ut to store ruser som fangar sjøauren levande. Etter å ha bedøvd fisken, tel dei kvar einskild lus, registrerer storleiken på lusa og fisken, og slepp han fri att.

Seniorforskar på Havforskingsinstituttet og ansvarleg for det nasjonale overvakingsprogrammet for lakselus, Pål Arne Bjørn, seier registreringa vil gje grunnlag for vidare tiltak mot lakselus.

– Vi slår saman datamaterialet og analyserer det mtp. kor mykje lus sjøen har, og gjer ei risikovurdering på basis av det. Så rapporterer vi til Mattilsynet og departementet. Dette fordi vi i Noreg har ei klar målsetjing om å ha ei stor oppdrettsnæring, men ei like klar målsetjing om at oppdrettsnæringa skal vere berekraftig, og at vi skal ha ein levedyktig bestand av vill laksefisk, seier Bjørn.

Kor mange lus som har vorte telt i Volda, Ørsta og resten av landet er ikkje heilt klart enno, men Bjørn er klar på at lusa utgjer eit stort problem.

– Lus på sjøaure og laks er det største miljøproblemet for oppdrettsnæringa. Det er så alvorleg at ein fryktar for overlevinga av sjøaure og laks i somme område. Difor er vi i Volda og Ørsta no. Ørstafjorden er ein nasjonal laksefjord, der sjøaure og laks skal ha særskilt vern, seier Bjørn.

Resultata av teljingane over heile landet er venta klare i løpet av dei næraste dagane frå Mattilsynet.

Ved årsskiftet kjem Havforskingsinstituttet ut med si årlege vurdering.