Det skriv Sunnmørsposten.
Ein ulv vart etter alt å døme observert på Tryggestad, få kilometer frå Norangsdalen, onsdag.
Søndag vart det funne ti lam og sau i Hellesylt, som etter alt og døme er tekne av rovdyr.
Fylkesmannen har gitt fellingsløyve for ulven, som har vore observert fleire stader i sunnmørskommunen dei siste dagane.
Eit jaktlag har jakta ulven sidan søndag, men har ikkje funne den.
Seint søndag kveld kom det meldingar om at ulven var observert i Sykkylven. Den har då gått nordover frå Stranda og teke seg inn i eit område der det førebels ikkje var gitt fellingsløyve, men måndag kom også dette fellingsløyvet på plass.
Leiar i Møre og Romsdal Sau og Geit, Odd Bjarne Bjørdal, sa til Møre-Nytt i helga at han meiner ulven burde vere fritt vilt.
Han har sjølv sleppt sauer på beite på Trandal, og er uroa for om ulven vil ta seg dit.